Klaus Voormann
Klaus Voormann (fødd 29. april 1938) er ein tysk grafikar, musikar og plateprodusent. Han laga plateomslag for mange band, som The Beatles, Harry Nilsson, Bee Gees, Wet Wet Wet og Turbonegro. Det mest kjende arbeidet som produsent var då han arbeidde med bandet Trio, inkludert den store hitten «Da Da Da». Som musikar er Voormann mest kjend som bassist for Manfred Mann frå 1966 til 1969, og som studiomusikar på ei rekkje innspelingar, mellom anna «You're So Vain» av Carly Simon og mange av tidlegare Beatles-medlemmar.
Klaus Voormann | |||
Voormann i 1967 | |||
Fødd | 29. april 1938 (86 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berlin i Tyskland | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | Sidan 1964 | ||
Sjanger | Rock 'n' roll, rhythm and blues | ||
Instrument | bassgitar, kontrabass, gitar, fløyte, saksofon, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | The Beatles, Paddy, Klaus & Gibson, Manfred Mann, Plastic Ono Band, George Harrison, Badfinger, Ringo Starr, Harry Nilsson, Carly Simon, Liam Gallagher | ||
Plateselskap | Apple, EMI, Fontana, Zapple, Epic, Sony, RCA Victor | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent, grafikar | ||
Prisar | Grammy Award for Best Recording Package, Echo Pop for livsverk |
Han vart kjend med The Beatles då dei var i Hamburg tidleg i 1960-åra. Han budde i leilegheita til bandet i London med George Harrison og Ringo Starr etter at John Lennon og Paul McCartney flytta ut for å bu med sine kjærastar, og laga plateomslaget til Revolver,[1] som han vann Grammyprisen for. Etter bandet var oppløyst gjekk det løyse rykte om eit band kalla The Ladders som skulle bestå av Lennon, Harrison, Starr og Voormann. Dette vart aldri noko av, men desse fire (pluss Billy Preston) spelte på Ringo Starr-songen «I'm the Greatest». Voorman spelte òg på album av Lennon, Harrison og Starr, og var ei stund medlem i Plastic Ono Band.[1] I 1990-åra laga han plateomslaga til Beatles Anthology-albuma.
I 2009 gav han ut det første soloalbumet sitt, A Sideman's Journey, med mange kjende musikarar, mellom anna dei to attverande Beatles-medlemmane.
Diskografi
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Klaus Voormann» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ingham, Chris (2003). The rough guide to the Beatles. Rough Guides Ltd. ISBN 978-1-84353-140-1.
- Lennon, Cynthia (2006). John. Hodder & Stoughton. ISBN 978-0-340-89512-2.
- Miles, Barry (1997). Many Years From Now. Vintage-Random House. ISBN 978-0-7493-8658-0.
- Spitz, Bob (2005). The Beatles – The Biography. Little, Brown and Company. ISBN 978-0-316-80352-6.
- Shea, Stuart (2002). Rock and Roll's Most Wanted: The Top 10 Book of Lame Lyrics, Egregious Egos and Other Oddities. Brassey's. ISBN 978-1-57488-477-7.
- Voormann, Klaus (2003). Warum spielst du Imagine nicht auf dem weißen Klavier, John ?. Heyne Verlag. ISBN 978-3-453-87313-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Klaus Voormann-diskografi på Discogs