Trygve
mannsnamn
Trygve og Tryggve er mannsnamn av norrønt opphav. Trygve har namnedag den 9. september.
Det norrøne namnet Tryggvi er danna av tryggr, 'trygg'.
Namneberarar
endre- Tryggve Olavsson (ca 930–963), norsk vikingkonge i Viken, far til Olav Tryggvason
- Tryggve Andersen (1866–1920), norsk forfattar
- Trygve Lundgreen (1888–1947), norsk skøyteløpar
- Tryggvi Þórhallsson (1889-1935), statsminister på Island
- Tryggve Gran (1889–1980), norsk polarforskar
- Trygve Gulbranssen (1894-1962), norsk forfattar og journalist
- Trygve Lie (1896–1968), norsk politikar, første generalsekretæren i SN
- Trygve Lindeman (1896-1979), norsk cellist
- Trygve Bjerkrheim (1904-2001), norsk salmediktar og redaktør
- Trygve Bull (1905-1999), norsk politikar (SV)
- Trygve Wergeland (1909-1979), norsk industrigründer
- Trygve Bratteli (1910–1984), norsk politikar og statsminister
- Trygve Haavelmo (1911–1999), norsk økonom og nobelprisvinnar
- Trygve Haugeland (1914-1998), norsk politikar (Sp)
- Trygve Waage (1918-1978), norsk sjakkorganisator
- Trygve Hoff (1938-1987), norsk visesongar og tekstforfattar
- Trygve Hegnar (f. 1943), norsk redaktør
- Trygve Westgaard (f. 1948), ordførar i Askim
- Trygve Bølstad (f. 1951), norsk fotograf
- Trygve G. Nordby (f. 1954), tidlegare generalsekretær i Raudekrossen i Noreg
- Trygve Birkeland (f. 1961), norsk politikar (KrF)
- Trygve Allister Diesen (f. 1967), norsk filmregissør og manusforfattar
- Trygve Seim (f. 1971), norsk jazzmusikar
- Trygve Brøske (f. 1973), norsk pianist
- Tryggvi Guðmundsson (f. 1974), islandsk fotballspelar
- Trygvi Restorff í Brekkunum (f. 1975), færøysk perkusjonist
- Trygve Slagsvold Vedum (f. 1978), norsk politikar (Sp)
Andre tydingar
endreTrygve er òg namnet på ein fiktiv planet og månane hans i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trygve» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2009.