Vesleofsen er ein flaum som råka Austlandet i juni 1995. Ein mann døydde og 7000 personar vart evakuert. Skadane som følgje av flaumen er estimert til 1,8 milliardar kroner.[1] I Glomma toppa flaumen seg 2. juni, i Gudbrandsdalslågen 3. juni og i Mjøsa 11. juni. 3,5 millionar sandsekker vart nytta i Akershus, Hedmark og Oppland for å demme opp for vatnet.

Flaumstein ved Hamar som viser nivået til mellom anna 1995-flaumen.
Foto: Øyvind Holmstad
Flaumhøgder i Glomma ved Elverum
Foto: Øyvind Holmstad
Etter flaumen fekk nedre del av Moksa på Tretten betongkantar.
Foto: NVE

Flaumen var det femte ekstremvêret som vart offisielt registrert i landet, og det første som råka Austlandet, etter at Meteorologisk Institutt starta å sende ut ekstremvêrvarsel i 1994. Ekstremvêret hadde derimot ikkje noko offisielt namn, som denne typen vêr fekk seinare på året (Agnar i oktober 1995). Flaumen vart uoffisielt kalla «Vesleofsen» sidan han var den nest største flaumen sidan Storofsen i 1789. Flaumstorleiken i 1995 var derimot større dersom ein korrigerer for flaumdempinga i magasina i Østerdalen[2]

Forløp endre

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde tidleg på vinteren merka større snømengder enn normalt. I byrjinga av mai vart veret varmare, og snøsmeltinga starta som normalt. 8. mai melde Meteorologisk Institutt om kaldare vêr, og dagen etter kom NVE med ei pressemelding som sa at ei forseinka snøsmelting kunne føre til ein storflaum. Fram til 22. mai var det kuldegrader i fjellet, og særs lita snøsmelting. Deretter steig temperaturen kraftig, både på fjellet og i skogsområda. Maksimumstemperaturen var oppe i 15-20 °C, samstundes som det byrja å regne mellom 27. mai og 2. juni. NVE målte 10-15 mm regn i døgeret nokre stader på Austlandet. Fleire vassdragsmagasin vart tømt for å gje plass til dei venta vassmengdene.

Glomma endre

Ved Elverum passerte Glomma sitt tidlegare høgaste nivå det hundreåret (1934) den 31. mai. Då flaumen kulminerte ved Stai 2. juni, var elva 70 cm over 1934-flaumen, og 61 cm under Storofsen. Flaumstein med merking av maksimal vassføring er reist på Norsk Skogmuseum.

Flaumbølgja passerte Kongsvinger 3. juni, og dei fleste lågareliggande områda langs Glomma var oversvømd. Då flaumbølgja passerte Rånåsfoss 5. juni var det med ein snøggleik på nesten 1 m/s, og ei vassføring på 4 000 m³/s.

Trysilelva endre

Elva passerte flaumane i 1927, 1934 og 1967, og nådde toppen 1. juni. Elva hadde då ei vassføring på 760 m³/s ved Nybergsund.

Gudbrandsdalslågen endre

Kulminerte 3. juni.

Mjøsa endre

NVE bestemte seg for å stenge ei av lukene ved Svanfossen for å halde igjen vatn til flaumtoppen frå Glomma hadde passert utløpet til Vorma, og Øyeren. Frå 2. juni steg Mjøsa med ca. 2 cm per time. Mange flaumvollar vart bygd for å hindre flaumen i å nå bygningane som låg lågast. Då flaumen kulminerte den 11. juni var det på 7,94 meter i Hamar, lågare enn prognosane, men 20 cm høgare enn 1967-flaumen. For å hindre forureina flaumvatn i å trenge inn i Vikingskipet vart det fylt med ferskvatn før Mjøsa nådde nivået til skipet.

Moksa endre

Elva Moksa ligg ved Tretten. 2. juni braut ho ut av det vanlege elveleiet sitt, og fann eit nytt gjennom sentrum av tettstaden. Fleire hus og bygningar vart rive med av vassmassane eller totalskadd.

Kjelder endre

Kjelder i tekst endre

  1. «De største flommene i Noreg». Meteorologisk Institutt. Henta 30. september 2008. 
  2. D. Lundquist (1996). «The 1995 flood in the Glomma and Lågen river basin.». Annual Report of Glommen og Laagens Brukseierforening 1995. 

Bakgrunnsstoff endre