Tubna (arabisk تبنة, òg skrive Tibna eller Tebnah) er ein landsby sør i Syria i Daraa guvernement i Hauran-området. Han ligg 58 km sør for Damaskus og 42 km frå Daraa.

Tubna
تبنة
landsby
Marjaorgios Church in the Citadel of Tubna.jpg
Ei kyrkje i Tubna
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Al-Sanamayn
Høgd 650 moh.
Koordinatar 32°59′33″N 36°13′0.8″E
Folketal 1 272 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tubna

HistorieEndra

Yaqut al-Hamawi noterte i 1220-åra at Tubna var «ein by på Hauran som høyrte til provinsen Damaskus.»[1]

I 1596 var Tubna oppført i osmanske skattelister som Tibna og var ein del av Bani Kilab nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 30 hushaldningar og 25 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.[2]

DemografiEndra

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tubna eit folketal på 1 272 i 2004.[3] Dei fleste er kristne og følgjer den melkittiske kyrkja (bysantinsk). Det vanlegaste språket er arabisk.

KjelderEndra

  1. le Strange, 1890, s. 546
  2. Hütteroth og Abdulfattah, 1977, s. 209.
  3. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)

BakgrunnsstoffEndra