Tumlar

pattedyrart
(Omdirigert frå Tumler)
Tumlar
Tumlar
Tumlar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tumlar
Utbreiinga av tumlar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Delfinfamilien Delphinidae
Underfamilie: Delphininae
Slekt: Tursiops
Art: Tumlar T. truncatus
Vitskapleg namn
Tursiops truncatus

Tumlar er ein tannkval i delfinfamilien. Tumlaren lever i små flokkar i varme og tempererte havområde, men ikkje i ishava. Han skal vere lett å dressere og trivst godt i akvarium; arten vart verdskjent gjennom fjernsynsserien «Flipper».

Utsjånad endre

Tumlaren vert opptil fire meter lang. Fargen er svart til brunleg med lysare sider og buk. Munndelane er nebbforma, derfor har han på engelsk namnet «Bottlenose Dolphin». Ryggfinnen er stor og har bogeform. Han har tenner i begge kjevane, i alt meir enn 80. Tumlaren veg opptil 650 kg.

 
Tumlarmor med unge.

Levesett endre

Hodyra og ungane lever i flokkar med opptil tolv dyr. Ungdyra lever i flokkar for seg, medan hannane ofte sym aleine eller i smågrupper. Arten er kjend for å vere nysgjerrig, og kan symje i lag med båtar og til og med ta kontakt med menneske.

Tumlarane må opp og puste kvart femte til åttande minutt. Dei lever av forskjellige slags fisk. Når dei jagar stimfisk, kan flokken samarbeide for å halde fiskestimen samla, for slik å maksimere utbyttet.

Når tumlaren leiter etter fisk, brukar han ein biosonar som i virkar etter same prinsipp som ein alminneleg sonar: Han søkjer etter fisk ved å produsere lyd og lytte etter ekkoet. Tumlaren sender ut ein klikkande lys i ein fokusert stråle. Han har to små øyreopningar bak augo, men fangar opp vel så mykje lyd til det indre øyra via underkjeven. Tumlaren har eit godt syn, men luktesansen er svak. Tumlarane brukar lydsignal til å kommunisere seg i mellom, men påstandar om at dei har utvikla eit eige «språk» er aldri dokumentert.

Etter paringa er hoa gravid i 12 månader før ho føder ein unge som kan vere om lag ein meter lang og vege 12 kg. Ungen diar mora i halvtanna år. Ungane lever i lag med mora i om lag 6 år, men enno vil det gå nokre år før dei sjølve er kjønnsmodne. Tumlaren kan i naturen leve i om lag 30 år.

Tumlaren og mennesket endre

 
Vladimir Putin og tumlarar på Cuba i 2000.

Gjennom fjernssynserien «Flipper» vart ein heil generasjon kjend med denne sosiale og intelligente delfinen. Tumlaren er vanleg i Nordsjøen, og han gjestar òg norske fjordar; nokre har gitt seg til og gjort seg til vens med menneske. Det er også vanleg å halda tumlarar i akvarium der ein kan få dei til å opptre for menneske.

Ein har lenge jakta på tumlar for å få kjøt og tran. Ein slutta slik jakt i Europa og USA på 1900-talet, men delfinane blir stadig jakta i Vest-Afrika, Sri Lanka, Indonesia og Japan.

Sjølv om dei ikkje blir jakta direkte, kan delfinar døy under fiske av til dømes tunfisk der dei blir vikla inn i nett og druknar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tumlar