Turkestan i Kasakhstan

(Omdirigert frå Turkistan)

Turkestan (kasakhisk Түркістан, Turkistan, tidlegare kalla Hazrat-e Turkestan) er ein by sør i Kasakhstan. Han er hovudstad i Turkistan oblast, nær elva Syr-Darja. Han var dessutan hovudstad i det gamle Kangju. Han har om lag 230 000 innbyggjarar og ligg 197 km nordvest for Taraz langs den transaralske jernbanen mellom Kyzylorda (Perovsk) i nord og Tasjkent i Usbekistan i sør.

Turkestan
Түркістан
by
Land  Kasakhstan
Oblast Turkistan
Areal 196,27 km²
Folketal 227 098 (2009)
Grunnlagd 500-talet
Tidssone UTC +6
Kart
Turkestan i Kasakhstan
43°18′07″N 68°16′09″E / 43.301944444444°N 68.269166666667°E / 43.301944444444; 68.269166666667
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Wikimedia Commons: Turkistan (city)

Namnet Hazrat-e Turkestan tyder «den heilage av Turkestan» og refererer til Khoja Ahmad Yasavi, den store Sufi-sjeiken av Turkestan, som vart fødd her på 1000-talet og er gravlagd i byen. Under hans regjeringstid vart byen eit viktig utdanningssenter for folket på dei kasakhstanske steppene. I 1390-åra reiste Timur eit stort mausoleum kalla Mazar.

Turkestan er ein av dei mest historiske byane i Kasakhstan med arkeologiske funn som går tilbake til 300-talet. Kinesarane kalla staden Beitian og seinare vart han kalla Yasi eller Sjavgar fram til 1500-talet då han var eit viktig handelssenter.

Framleis kjem mange pilegrimar til byen. Ifølgje ei lokal segn skal visstnok tre pilegrimsreiser til Turkestan vere like bra som ein hajj til Mekka, men dette er ikkje eit syn som resten av den muslimske verda deler. Helgenen vart rekna som så heilag at byen vart kjend som «det andre Mekka i austen», og er særs viktig for muslimar i Kasakhstan.

Gjennom historia har Turkestan vore ein grenseby og ligg i utkanten av den persisk-islamske oasekulturen Transoksiana i sør og dei turkisk-mongolske steppenomadane i nord. Derfor har han til tider vore eit viktig kasakhstansk politisk senter, og til andre tider under usbekiske khanatar lenger sør sin kontroll.

Då han kom inn under russarane i 1863 var han under Khanatet Kokand. Turkestan var i Syr-Darja oblast i det russiske Turkestan. Då tsarist-regimet fall i 1917–1918 var han ei kort stund ein del av Den autonome sovjetiske sosialistrepublikken Turkestan før han vart ein del av den kasakhstanske republikken i Sovjetunionen i 1924.

I dag har Turkestan opp under 100 000 innbyggjarar og dei fleste er etniske usbekarar. På 10 år på slutten av 1900-talet steig innbyggjartalet med 10 % og han var den kastakhstanske byen som voks raskast etter den nye hovudstaden Astana.

Ein kan nå Turkestan med tog frå Almaty, ei reise som tar nesten 20 timar. Bilturen frå den næraste flyplassen i Tsjimkent tar om lag to timar.

 
Hazratmoskeen i Turkestan.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Turkestan i Kasakhstan