Tusseflaggermus

pattedyrart
Tusseflaggermus
Tusseflaggermus
Tusseflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tusseflaggermus
Utbreiinga av tusseflaggermus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Pipistrellus
Underslekt: Pipistrellus
Art: Tusseflaggermus P. pipistrellus
Vitskapleg namn
Pipistrellus pipistrellus

Tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Fram til 1998 vart denne arten og dvergflaggermus rekna som éin art.[1] Flaggermusa lever i mesteparten av Europa nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Sentral-Asia, Kina og andre førekomstar i Asia. I mange av desse områda er ho ein av dei vanlegaste flaggermusartane. Arten lever gjerne i bygningar i tettbygde strøk.[2] Tusseflaggermusa vart ikkje observert i Noreg før i eit lydopptak i 2007, i Stavanger,[3] men ho kan fort forvekslast med dvergflaggermus eller trollflaggermus. Det har oppstått tvil i kva grad tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) faktisk finst i Noreg. Funnet frå Stavanger kan i lys av nyare forsking ikkje bli sett på som sikkert. Verken reproduksjon eller gjentakande besøk har vorte dokumenterte. Arten må dermed kategoriserast som NA (arten er ikkje etablert med fast reproduserande bestand hos oss, og < 2 % av global populasjonsstorleik oppheld seg regelmessig i Noreg (gjest)).[1]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av tusseflaggermus Pipistrellus pipistrellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Tusseflaggermus