No Other
Studioalbum av Gene Clark
Språk engelsk
Utgjeve September 1974
Innspelt Våren 1974
Studio The Village Recorder i Los Angeles i California
Sjanger Folkrock, countryrock, rootsrock, soul, R&B, gospel
Lengd 43:01
Selskap Asylum 7E 1016
Produsent Thomas Jefferson Kaye
Gene Clark-kronologi 
Roadmaster
(1972)
No Other Two Sides to Every Story
(1977)


No Other er det fjerde soloalbumet til den amerikanske songar/låtskrivaren Gene Clark. Det kom ut seint i 1974 og var kritikarrost, men selde dårleg. Det vart brukt mykje tid og pengar i studio[5], men plateselskapet Asylum Records marknadsførte ikkje albumet, og innan 1976 hadde dei sletta et frå katalogen sin. Clark kom seg aldri på fote att etter det mislukka albumet.[6]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Head Heritage(positiv)[2]
No Depression(positiv)[3]
Stylus MagazineA[4]

Like etter Clark døydde i 1991,[7] vart No Other gjeve ut på CD, og igjen tidleg i 2000-åra til positiv omtale.[8]

Bakgrunn endre

Seint i 1972 vart Clark invitert med i ei attforeiing med den originale The Byrds-besetninga på Asylum Records. Sjølv om albumet vart organisert og produsert av David Crosby, utvikla albumet umerkbart seg til ei oppvisning for Clark, som song på to songar av Neil Young og bidrog med to originale songar. På bakgrunn av dette fekk Clark kontrakt med Asylum som soloartist av David Geffen.

Medan han førebudde seg til innspeling vart Clark ei kort stund med i gruppa som akkompagnerte den tidlegare Byrds-kollegaen Roger McGuinn. Dei to delte til og med heim ei stund på denne tida i Hollywood Hills med utsyn over Stillehavet. Under ein periode der han spelte på The Troubadour i Los Angeles med McGuinn introduserte han ein song som kom til å vere på repertoaret hans resten av karrieren, «Silver Raven». Han vart spelt inn i eit arrangement med den langvarige samarbeidspartneren Jesse Ed Davis og studiomusikaren Danny KortchmarNo Other. Clark sa om denne songen i eit intervju i 1976: «Han kom faktisk frå ei nyhendemelding om oppdaginga av ein satellitt eller noko slikt. Dei fann ikkje ut kvar han kom frå. Han var frå utafor solsystemet vårt. Dei fekk signal frå han som sa at han var kring hundre år føre vår teknologi.»

Produksjon endre

Clark trekte seg attende til heimen sin på kysten i Mendocino og byrja å skrive songane for albumet det neste året. I følgje Clark: «Heile albumet vart skriven då eg budde i eit hus med utsyn over Stillehavet i Nord-California. Eg berre sat i stova med eit stort vindauge ut mot havet, som eg sat å stirra på i fleire timar om gangen. Eg hadde penn og papir der, og ein gitar eller piano, og ganske snart kom et ein tanke og eg skreiv det ned eller tok det opp på lydband. I somme tilfelle, etter ein dag med slik meditasjon der å sjå på ei slik naturleg kraft, kom eg opp med noko.»

Det gjekk rykte om at mange av songane på albumet vart skrivne i påverknad av mesaklinrus og andre dop, men kona til Clark, Charlie sa i Mr. Tambourine Man: The Story Of the Byrds' Gene Clark at han var edru medan dei budde i Mendocino og at han ikkje misbrukte noko som helst på grunn av barna deira. Han levde opp til kallenamnet «the hillbilly Shakespeare», som han seinare fekk av bandkollegaen John York, og dei vektige tekstane frå denne tida kom frå ein kristen oppvekst og diskusjonar om kunsten til Carlos Castaneda, Theosophy og Zen med kona si og vener som David Carradine og Dennis Hopper.

Clark gjekk i studio i april 1974 med produsenten Thomas Jefferson Kaye, som vart den viktigste samarbeidspartneren til Clark dei nesten femten åra. Tidlegare på året hadde Kay brukt tusenvis av dollar på den første soloplata til Bob Neuwirth, som hadde selt dårleg. Kaye fortsette med dette mønsteret på No Other. Dei fleste innspelingane var i Los Angeles med kremen av studiomusikarane der på den tida: Korchmar, klaverspelearen Craig Doerge, bassisten Leland Sklar og trommeslagaren Russ Kunkel frå The Section, gitaristen Jesse Ed Davis; den kjende progressiv bluegrass-felespelaren Richard Greene; den tidlegare Blues Image-perkusjonisten Joe Lala; klaverspelaren og den framtidige Jimmy Buffett-bandleiaren Michael Utley; Allman Brothers Band-perkusjonisten Butch Trucks; korvokalistane Clydie King, Claudia Lennear, Venetta Fields og Cindy Bullens og den tidlegare Byrds-kollegaen Chris Hillman.

Den enkle countryfolkstilen på White Light og Roadmaster vart erstatta av intrikate vokalharmoniar og tunge, overdubba arrangement i Kaye «sitt svar til Brian Wilson og Phil Spector som produsent». I tillegg var det ei markant kjensle av R&B/funk i tittelsporet, som ofte er blitt sagt å ha kome av at Sly Stone var til stades på somme av innspelingane. I følgje John Einarson sin Mr. Tambourine Man var alle musikarane imponerte av perfeksjonismen og den audmjuke haldninga til Clark.

I starten flytta Carlie Clark og barna med han til Los Angeles i håp om bevare familielivet frå Mendocino. Men det tok ikkje lang tid før Clark kasta seg ut i festmiljøet i L.A. og det seinaste motedopet - kokain. Etter at kona med avsky drog attende til Nord-California med familien, flytta Clark inn hos den gamle venen og bandkollegaen Doug Dillard i Hollywood Hills. «Lady of the North», den siste songen på albumet, vart skriven av dei to i ein dis av kokain og vart det siste samarbeidet deira på ein song.

I fleire år gjekk det rykte om at berre den eine halvparten av eit planlagt dobbeltalbum var blitt spelt inn, og at Geffen hadde nekta dei å spele inn resten på grunn av den store kostnaden det ville føre til. Dette er blitt stadfesta av Clark i eit intervju i 1976. I følgje Kaye i Mr. Tambourine Man vart det spelt inn demoversjonar av 13-14 songar med akustisk gitar, men berre ni av desse vart spelte inn med fullt band. «Train Leaves Here This Morning», ei nyinnspeling av ein song først gjeven ut på The Fantastic Expedition of Dillard & Clark, vart fjerna frå det endelege albumet.

Utgjeving endre

No Other vart levert til Asylum Records sommaren 1974. Kostnaden hadde blåst opp til over hundre tusen dollar, ei svær investering i ein artist som ikkje hadde hatt ein hit på åtte år. Geffen vart vidare sjokkert over mangelen på potensielle hittar og den ukommersielle sida ved songane.

No Other kom ut i september 1974 og nådde ein skuffande 144. plass på albumlista i USA utan at selskapet gjorde noko aktiv marknadsføring. Det fekk heller ikkje noko god kritikk då det kom ut og mange kritikarar skjelte ut den «pretensiøse» og «oppblåste» produksjonen til Kaye.[9][5] Ein sjeldan, full turné av Clark kunne ikkje redde salstala og demoar for eit nytt album - visstnok med ei blanding av countryrock, R&B, funk og tidleg disco, vart raskt avvist av Asylum. Innan 1976 var No Other sletta frå katalogen til Asylum.

Clark uttrykte i seinare intervju alltid at han var skuffa over mangelen på suksess med No Other, som han rekna som meisterverket sitt.

I 1991 kom No Other ut på CD. Mot slutten av 1990-åra, kanskje som følgje av at interessa for katalogen hans auka etter han døydde, vart tre songar frå No Other gjevne ut på samleplata Flying High. Ei europeisk utgåve kom ut i 2003 med «Train Leaves Here This Morning» og fleire alternative, halvakustiske utgåver av songane som bonusspor.

Gene Clark No Other Band endre

I 2014 sette Victoria Legrand og Alex Scally frå Beach House saman eit band for ein konsertturné der die framførte heile albumet. Bandet hadde òg med seg Iain Matthews frå Fairport Convention.[10]

Innhald endre

Side ein endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Life's Greatest Fool»Gene Clark4:44
2.«Silver Raven»Gene Clark4:53
3.«No Other»Gene Clark5:08
4.«Strength of Strings»Gene Clark6:31

Side to endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«From a Silver Phial»Gene Clark3:40
2.«Some Misunderstanding»Gene Clark8:09
3.«The True One»Gene Clark3:58
4.«Lady of the North»Gene Clark, Doug Dillard6:04

Bonusspor frå 2003 endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Train Leaves Here This Morning»Gene Clark, Bernie Leadon4:59
10.«Life's Greatest Fool» (alternativ versjon)Gene Clark4:16
11.«Silver Raven» (alternativ versjon)Gene Clark3:06
12.«No Other» (alternativ versjon)Gene Clark5:35
13.«From a Silver Phial» (alternativ versjon)Gene Clark3:42
14.«Some Misunderstanding» (alternativ versjon)Gene Clark5:17
15.«Lady of the North» (alternativ versjon)Gene Clark, Doug Dillard5:54

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Lager, Mark (26. mars 2011). «Gene Clark No Other». Head Heritage. Henta 5. januar 2019. 
  3. Delaney, Kevin. «Gene Clark - No Other». No Depression. Arkivert frå originalen 19. juli 2013. Henta 5. januar 2019. 
  4. Weiner, Matthew. «Gene Clark - No Other - Review». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 10. mai 2012. Henta 5. januar 2019. 
  5. 5,0 5,1 «No Other - Gene Clark». www.allmusic.com. Henta 5. januar 2019. 
  6. Johnny Rogan (1997). The Byrds: timeless flight revisited. Music Sales Distributed. s. 490. Henta 5. januar 2019. 
  7. The rough guide to rock. books.google.co.uk. Henta 5. januar 2019. 
  8. «Gene Clark - Disc of the day - Mojo». www.mojo4music.com. Henta 5. januar 2019. 
  9. https://music.tutsplus.com/articles/5-all-time-classic-albums-that-critics-despised--audio-826
  10. Michaels, Sean (4. desember 2013). «Beach House spearhead project to tour Gene Clark's No Other album». The Guardian. Henta 5. januar 2019.