Kjøpsvik
tettstad i Narvik i Nordland
Kjøpsvik (lulesamisk Gásluokta) er ein tettstad i Narvik kommune. Han var administrasjonsstad i tidlegare Tysfjord kommune i Nordland fram til år 2020. Staden ligg på austsida av Tysfjorden. Kjøpsvik har 848 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Kjøpsvik | |||
stad | |||
Veg i Kjøpsvik med Stetind i bakgrunnen
Foto: Helge Høifødt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
Areal | 1,02 km² | ||
Folketal | 848 (2017) | ||
Folketettleik | 831 / km² | ||
![]() Kjøpsvik | |||
Wikimedia Commons: Kjøpsvik | |||
Kjøpsvik har ferjesamband over Tysfjorden til Drag. Vegsambandet til E6 på Sætran i Ballangen vart opna i 1992.
Ei viktig bedrift i Kjøpsvik er Norcem sin sementfabrikk på staden. Sementproduksjonen starta i 1920 med råstoff frå eit stort kalksteinsfelt som strekkjer seg nordover frå Kjøpsvik. I dag er sementfabrikken den nest største arbeidsplassen i Tysfjord.[1]
GalleriEndra
KjelderEndra
Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.