Tysk Sørvest-Afrika

Tysk Sørvest-Afrika (Deutsch-Südwestafrika) var ein av dei større tyske koloniane i Afrika og den einaste som fekk ei talmessig betydeleg innvandring frå Tyskland. Det tilsvarer dagens Namibia, der det framleis finst ein tyskspråkleg minoritet.

Deutsch Südwestafrika
Tysk Sørvest-Afrika

 

 

1884–1915
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Windhoek frå 1891
Styreform Tysk koloni
Historie
 - Oppretta 1884
 - Opphøyrde 1915
Valuta 1 Goldmark = 100 Pfennig

Historie endre

Aktiviteten til tyske misjonærar i området tok til i 1840-åra. I 1883 fekk forretningsmannen A.E. Lüderitz ein landkonsesjon på Angra Pequena (seinare omdøypt til Lüderitz) av den tyske regjeringa. Området vart erklært som tysk protektorat i byrjinga av 1884, og det tyske flagget vart offisielt heist i august same året. Ved Berlinkonferansen i 1885 vart dette utvida til å omfatta heile dagens Namibia, bortsedd frå enklaven zWalvis Bay, som britane hadde okkupert frå før. Hovudstaden til kolonien var Otjimbingwe (frå 1885), etter 1891 Windhoek (grunnlagd 1890). I 1903 hadde byen 3 700 innbyggjarar, medan i 1910 hadde innbyggjartalet stige til 13 000. Frå 1896 var Theodor Leutwein den første tyske guvernøren i området. Den sparsamt folkesette kolonien tiltrekte mange tyske nybyggjarar, totalt rundt 13 000 fram til 1914.

I 1890 fekk den tyske utanriksministeren, grev Leo von Caprivi, overdrege frå britane ei landstripe langs den angolansk-bechuanske grensa, Caprivi-stipa, for å gje Tysk Sørvest-Afrika tilgang til Zambezi-elva.

Forvaltinga av området var problematisk dels på grunn av afrikandarar og britar som var i området, men særleg sidan dei innfødde herero- og namastammane kjempa aktivt og periodevis med hell mot okkupasjonen av landet. Særleg namaleiaren Hendrik Witbooi viste seg å vera ein vanskeleg motstandar for tyskarane. Konfliktane eskalerte til Hererokrigen eller òg Hererofolkemordet fann stad i 1904. Krigen starta med angrep på tyske farmarar, då desse la beslag på stadig større delar av herero-område. Hereroane var forholdsvis godt organisert og væpna, og tyskarane måtte få forsterkingar frå Europa for å vinna krigen. Etter eit avgjerande slag i august flykta hererofolket mot søraust til Omaheke-området, den vestlege delen av Kalahariørkenen, og mange omkom av tyrste og sjukdom. Tyskarane sette ut militære styrkar ved vasshol og skaut alle hereroar som nærma seg. Av i utgangspunktet ca. 80-100 000 hereroar døydde sannsynlegvis rundt 65 000. I oktober byrja òg eit opprør i namastammen, ein konflikt som heldt fram i fleire år til ca. 1908.

 
Plasseringa av Tysk Sørvest-Afrika

Det vart funne diamantar i området i 1908. I 1915, under Den fyrste verdskrigen, vart kolonien okkupert av Sør-Afrika på vegner av Det britiske imperiet. Sør-Afrika heldt på kolonien som protektorat på mandat av Folkeforbundet etter slutten på krigen. Mandatet vart seinare trekt tilbake, men Sør-Afrika heldt fram med å okkupera området fram til det fekk sjølvstende i 1990. Dei siste åra vart landet integrert inn i apartheid Sør-Afrika, då under namnet Sørvest-Afrika.

Sjå òg endre

Kjelder endre