Ubuntu Linux

Debian-baserte Linux-operativsystem

Ubuntu Linux er ein linuxdistribusjon basert på GNU/Linux-prosjektet Debian. Ubuntu er støtta av selskapet Canonical Ltd. som vert leia av sørafrikanaren Mark Shuttleworth. Ubuntu er eit afrikansk ordtak som tyder «Eg er slik eg er fordi at vi er slik vi er». På same måte er operativsystemet utvikla kollektivt gjennom dugnad.

Ubuntu Linux


Utviklar(ar)Canonical
Utgjeve20. oktober 2004
Nyaste versjon24.04 LTS (25. april 2024)[1][2][3]
Plattformx86_64, x86, ARM, ppc64, System/390, RISC-V
Skrevet iC++, C, Unix-skal, Python
Bygger påDebian
SkrivebordsmiljøGNOME
Oppdateringsmetodedpkg, Snap, Advanced Packaging Tool
Avleidde systemAsturix, Bodhi Linux, elementary OS, KDE neon, Linux Lite, Linux mint, LXLE Linux, Peppermint Linux OS, Pinguy OS, Pop!_OS, Trisquel, Ubuntu Unity, Zorin OS, Ubuntu Kylin
Nettstadhttps://ubuntu.com/

Nye utgåver av Ubuntu kjem ut kvar sjette månad. Dette er den same syklusen skrivebordet GNOME har. Dermed er brukarane alltid sikra det siste innan skrivebordsmiljø.

Alle versjonar av Ubuntu får eit kodenamn og eit versjonsnummer. Versjonsnummeret er gjort av månaden og året den aktuelle utgåva av Ubuntu kom ut. Den fyrste versjonen av Ubuntu fekk kodenamnet «Warty Warthog» og hadde versjonsnummeret 4.10, ettersom han kom ut i oktober 2004. Meininga er at det skal koma ny utgåve av Ubuntu kvart halvår, slik at versjonsnummeret alltid vekslar mellom .04 og .10. «Dapper Drake» vart unnataket frå regelen, ettersom han vart to månader forseinka. Dermed vart versjonsnummeret for Dapper Drake 6.06. Den neste utgåva, Edgy Eft kom ut til planlagd tid og har versjonsnummeret 6.10.

I dei siste utgåvene har Canonical valt å laga sitt eige skrivebordsmiljø basert på GNOME som har fått namnet Unity. Versjon 12.04, hadde òg eit nytt integrert system som vert kalla HUD

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. https://discourse.ubuntu.com/t/noble-numbat-release-notes/39890; utgjevingstidspunkt: 23. april 2024; vitjingsdato: 23. april 2024.
  2. https://discourse.ubuntu.com/t/noble-numbat-release-schedule/35649; vitjingsdato: 23. april 2024.
  3. https://canonical.com/blog/canonical-releases-ubuntu-24-04-noble-numbat; utgjevingstidspunkt: 25. april 2024.

Bakgrunnsstoff

endre


 
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio