IPCop
operativsystem
IPCop er ein Linux-distribusjon konfigurert for å fungera som brannmur. IPCop køyrer på ein vanleg PC og vert konfigurert over nettet via eit vevgrensesnitt. Brannmurfunskjonaliteen i IPCop byggjer på Netfilter, som er innebygd i Linux-kjernen.
IPCop | |||
| |||
Nyaste versjon | 2.1.9 (23. februar 2015)[1] | ||
---|---|---|---|
Lisens | GNU General Public License | ||
Nettstad | http://www.ipcop.org |
Nettgrensesnitt
endreIPCop har fleire (fargekoda) grensesnitt mot ulike nettsegment.
Farge | Tyding |
---|---|
Raud | Internett, som vender ut mot den usikre Internett-verda. Ein bør opna berre dei portane som vert ruta til tenarar på det oransje nettsegmentet. |
Grøn | Lokalnett, som er eit «trygt» nett der ein plasserer arbeidsstasjonar, NAS, skrivarar osb. |
Oransje | DMZ. Dette segmentet er mynta på tenarmaskinar som må vera tilgjengelege frå Internet, som til dømes vevtenarar, SMTP-tenarar, osb. Ein opnar då berre dei portane som er naudsynte, som TCP-port 80 for HTTP, TCP-port 25 for SMTP, osb. |
Blå | Trådlaust nett. Dette gjer det muleg med separat kontroll av tilgangen til eit trådlaust nettverk. Men under føresetnad om at det trådlause nettet har sterk kryptering kan òg den trådlause basisstasjonen koplast direkte til eit lokalnett (grønn sone). |
Administrasjon
endreIPCop vert administrert via Ethernet på grøn sone, via eit passordverna vevgrensesnitt.
Kjelder
endre- ↑ «Download» (på engelsk). Arkivert frå originalen 5. mai 2016. Henta 6. mai 2016.
|