Ulrikke Oluffa Antonette Dahl (10. desember 184616. mars 1923[1]) var ein norsk forfattar.

Ulrikke Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1846
Melhus kommune
Død

16. mars 1923 (76 år)
Vestnes kommune

Yrke skribent
Far Nils Nilssen Dahl

Familie endre

Ulrikke Dahl var dotter av soknepresten, stortingsrepresentanten og odelstingspresidenten Nils Nilssøn Dahl (1806–1854) og Christopha Kirstine Rønneberg.[2] Ho var syster av høgsterettsadvokaten, forfattaren og politikaren Walter Scott Dahl (1839–1906), forfattar Nikoline Harbitz (1841–1898) og forfattaren og teologen Konrad Dahl (1843–1931).

Liv og virke endre

Debutromanen til Ulrikke Dahl var Da jeg var tyve år, og blei fyrst publisert som føljetong i Bergensposten i 1876. Forteljinga er skriven i form av ei dagbok, der hovudpersonen er ei guvernante.[3] Forfattarskapen til Dahl var beskjeden, og gjekk grovt rekna i to korte periodar med eit opphøyr på mange år i mellom. Boka hennar Solhøi – Fortælling fra Romsdalen blei omsett til nederlandsk.

Dahl publiserte dessutan tekster i ulike tidsskrift, blant anna i Urd.[4]

Dahl levde i mange år eit tilbakedrege tilvære på eit bruk av garden Stokkeland i Vestnes, som tilhøyrde broren hennar Walter Scott Dahl,[5] der ho sjølv eigde våningshuset.[6] I Vestnes gjekk ho under namnet «Ulla», mens mora blei kalla «Dalfruå».[7]

Bibliografi endre

  • 1876: Da jeg var tyve år, Grieg, Bergen
  • 1879: Rakel, Bergen
  • 1881: Arild Anker, (føljetong i Bergens Aftenblad)[8]
  • 1899: Solhøi – Fortælling fra Romsdalen, Steen, Kristiania. Utgjeven på nederlandsk som Lichtheuvel, 1900
  • 1901: En melodi mellem fjeldene, Steen, Kristiania
  • 1903: Frode Halls hverdagsliv, Steen, Kristiania

Litteratur endre

Kjelder endre

  1. Romsdals Budstikke 1923.03.19. 1923. s. 3. 
  2. Lokalhistoriewiki.no: Nils Nilssøn Dahl, besøkt 22/1 2020
  3. Aasen, Elisabeth (1986). Kvinners spor i skrift. Samlaget. s. 88. ISBN 8252128432. 
  4. Urd. A/S Urd. 1900. 
  5. Romsdals Budstikke 1923.03.20. 1923. s. 2. 
  6. Brovold, Ivar (1977). Topografisk-historisk Beskrivelse over Vestnæs Prestegjeld. Hatlehols tr. s. 257. ISBN 8299311608. 
  7. Rekdal, Olav (1973). Gards- og slektshistorie for Vestnes - Tresfjord. Vestnes kommune. s. 422. ISBN 8270960063. 
  8. Halvorsen, J.B. (1888). Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Den Norske Forlagsforening. s. 118.