Umbramaurpitta

art av sporvefuglar

Umbramaurpitta (Grallaria milleri) er ein maurpitta, ein fugl som er typisk for artane i slekta si, Grallaria. Han er endemisk for Colombia og lever i departementa Caldas, Risaralda og Quindío på vestsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, og dessutan på austsida av fjellkjeda i Tolima-departementet. Utbreiingsområdet er nord for Cali og sør for Medellín.

Umbramaurpitta
Umbramaurpitta Foto: Francesco Veronesi
Umbramaurpitta
Foto: Francesco Veronesi
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Umbramaurpitta
Utbreiinga av Umbramaurpitta
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurrikser Formicariidae
Slekt: Grallaria
Art: Umbramaurpitta G. milleri
Vitskapleg namn
Grallaria milleri

Skildring

endre

Umbramaurpittaen er ein mellomstor til stor maurpitta, med store kraftige bein, 18 centimeter i kroppslengd.[1] Han er vesentleg brun, med kvit strupe og kvit buk. Eit mørkt flekkete område dannar ei brystband. Arten har habitat i våt underskog, på eller nær bakken, frå 1800 til 3140 moh.[2]

Populasjonen er estimert til 1500 til 7000 individ og minkande. Arten er klassifisert som sårbar.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)
  2. Krabbe et al, 2003

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Umbramaurpitta