Unni-Lise Jonsmoen
Unni-Lise Jonsmoen (fødd 21. april 1936) er ein norsk målar, teiknar, barnebokforfatter og illustratør frå Alvdal. Ho har utdanning frå Statens håndverk- og kunstindustriskole 1953–1957.
Unni-Lise Jonsmoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. april 1936 (88 år) Oslo |
Yrke | illustratør, kunstmålar, skribent |
Ektefelle | Ola Jonsmoen |
Liv og virke
endreJonsmoen har hatt ei rekkje utstillingar og utsmykningsoppdrag, særleg i Østerdalen. Ho har illustrert fleire bøker, både til egen tekst, til tekster av mannen sin, Ola Jonsmoen, og til andre forfattarar. Ho har teke imot ei rekkje stipend og har gjort studereiser til så ulike land som Mexico, Kina, Japan, Russland, fleire afrikanske statar, Island og Peru.
I 1966 mottok ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for illustrasjonane til Halvor Flodens barnebok Tommeliten på ikornrygg.
Både i hennar egne og i ektemannens arbeider finn ein ei ektefølt glede og stolthet over det gode livet i bygde-Noreg, meir spesielt i Nord-Østerdalen. Ein kan finne biografiske- og selvbiografiske element i fleire av hennar billedbøker, som i «Lars og Ola på tytingtur». I «Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan» er ei nabojente modellen.
Prisar
endre- Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur i 1966
- Hedmark fylkeskommunes kulturpris i 1989, saman med Ola Jonsmoen
- Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992, saman med Ola Jonsmoen
Verkliste
endre- Svarttrosten som forsov seg, 1979
- Lars og Ola på tytingtur, 1980
- Kjenner du fru Frodig?, 1982
- Grynt, eit søppelkassedyr, 1985
- Slukhalsen Påkar, 1986
- Zheng Mei og dralen, 1987
- Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan, 1990
- Krigsbarn på Ekeberg, 1995
- Snusen på ville veier, 1998
- To i lufta og ein på bakken, 2004
- Martins hemmelige hemmelighet, 2006