Opna hovudmenyen

Unni Elisabeth Wilhelmsen (fødd 12. juli 1971) er ein norsk songar, låtskrivar og musikar. Musikken hennar er viseprega popmusikk i den opphavleg amerikanske visetradisjonen singer/songwriter, der teksten òg spelar ei viktig rolle. Ho held til i Oslo, men har gjennom heile karrièren sin hatt heile landet som arena. Då Unni Wilhelmsen slo gjennom i 1996 med debutalbumet To Whom It May Concern (Polygram) vart ho samstundes ein viktig formidlar av ein sjanger som tidlegare hadde vore nærast urørt i platesamanheng i Noreg, ein sjanger som i dag har fått breitt feste i norsk populærmusikk.

Unni Wilhelmsen
Unni Wilhelmsen Kongsberg Jazzfestival 2018 (233211).jpg
Unni Wilhelmsen på scena i 2018
Foto: Tore Sætre
Fødd12. juli 1971 (48 år)
FødestadOslo
FødenamnUnni Elisabeth Wilhelmsen
OpphavNoreg
SjangerPop, singer/songwriter, folk
InstrumentGitar, piano, vokalist
Verka somsinger-songwriter, musikar, pianist, gitarist
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Spellemannprisen for årets album

Gitar er hovudinstrumentet til Wilhelmsen, men ho har òg byrja å spele piano i seinare år. Hennar første låt med piano som hovudinstrument vart utgjeve i 2006, «Fingerbøl» på albumet Til Meg (St. Cecilia Music).

Unni Wilhelmsen skriv i all hovudsak all musikk og alle tekstar sjølv, men har tidvis skrive tekst eller musikk i samarbeid med andre. På albumet Til Meg finn ein for første gongen ingen tekster skrivne av Unni åleine, men skrivne anten i samarbeid med Terje Borg, eller av Borg åleine. Desse tekstene er òg dei første utgjevingane hennar på morsmålet, etter fem album på engelsk.

Unni jobbar heiltid som artist/musikar, og driv sitt eige sjølvstendige/indie plateselskap St. Cecilia Music. Selskapet gjev berre ut musikken til Wilhelmsen.

HistorieEndra

Unni Wilhelmsen hadde hatt piano øvst på ønskelista i mange år då ho fekk ein gitar av onkelen sin til 12-årsdagen. Ho har sjølv skildra det som eit frustrerande møte, og det enda med at ho hadde gitaren ståande i skapet i 10 år. Ho fekk ein gong nokre enkle akkordar og ei lita bok med Lillebjørn Nilsen- og Bob Dylan-låtar av systera si, men Unni og gitaren vart ikkje vener. Når han stod i skapet, slapp ho å sjå han medan ho drøymde om pianoet.

Ho hadde slutta på vidaregåande, jobba på pasientkjøkenet til Rikshospitalet, og hadde byrja å vanke på pianobarar i Oslo. Dei som spelte der inviterte henne tilbake for å synge med dei. På eit tidspunkt byrja det å kome lydar frå gitaren i skapet. Ho ville gje han ein siste sjanse, og avgjorde seg for å spele kvar dag i éi veke, spele i alle fall éin song gjennom utan å stoppe eller spele feil. Etter kvart hadde ho den første biten av den første låten sin, og fleire skulle følgje.

Konsertdebut og platekontraktEndra

Ho byrja forsiktig å spele låtane ute blant folk, og på Skillingsborgen i Oslo hadde ho debuten sin som singer/songwriter. Kjentskap frå «open mikrofon»-kveldane gav henne etter kvart tilbod om den første betalte konserten med «Unni Wilhelmsen» på plakaten, arrangert av Viseklubben Nye Skaldar.

Musikkjournalist og radiomann Finn Bjelke var til stades denne kvelden på Smuget, og han likte det han høyrde. Utan at Unni visste om det gjekk han til Ole Evenrud, som jobba som artist- og repertoaransvarlig (A&R) i plateselskapet Polygram. Bjelke fortalde så entusiastisk om den unge songaren at Evenrud ringte til Unni for å snakke platekontrakt. Ho tok med seg eit kassettopptak av «Won't go near you again» til han, og signerte snart ein gullkanta kontrakt med Polygram, som var eit av dei største og viktigaste plateselskapa som opererte i Noreg på den tida.

PlatedebutEndra

Debutalbumet To Whom It May Concern vart utgjeven på Polygram i 1996, og dei tolv songane vart innspelte berre halvtanna år etter at Unni byrja å spele gitar.

Hennar aller første singelen «Won't go near you again» held stand den dagen i dag, og i 2006 klatra han opp att på øvste delen av VG-lista. Det gjekk eit stund før Unni oppdaga at singelen hadde sett i gang 10-årsjubileet sitt på eigahand, og det er litt spesielt at ein song så mange år etter utgjeving finn tilbake på listene i same innspeling, utan at det er planlagt frå selskapet, og utan at det blir gjort ein innsats i tilhøve til sal/promotering.

Under Spellemannprisen 1996 fekk ho to prisar for debutalbumet; årets kvinnelege artist og årets album.

InternasjonaltEndra

Medan det fanst planar om internasjonal lansering av Unni Wilhelmsen, vart selskapa hennar Polygram oppkjøpt av Universal Music, og planane vart lagt på is. Bortsett frå ei lansering av debutalbumet To whom it may concern i Tyskland, har der ikkje vore gjort andre framstøyt mot det internasjonale publikummet.

I den grad utanlandske platekjøparar er interesserte, er Wilhelmsen i dag sin eigen distributør, og fungerer som ein underleverandør for det tidlegare plateselskapet sitt Universal, trass i at den uteblivande lanseringa utanlands har ho hatt eit veksande publikum òg utanfor Noreg

SoloalbumEndra

Andre medverkandeEndra

  • Acoustika Vol.3 (272 Records 2007): Unni Wilhelmsens «Everyone's Honesty» er spor nummer 2 på denne amerikanske samleplata.
  • Folk & Røvere, albumet «Ting vi skal gjere før vi dør» (VME AS 2005): Unni Wilhelmsen har laga melodi og syng «Sommar på Cuba»
  • Varano, albumet «Step Up» (Murena Records/Playground Music 2005): Unni Wilhelmsen og Varano har skrive og framfører låten «Dead End Street»
  • Women Care (Kyrkjeleg Kulturverksted 2005), eit album som vart utgjeve til inntekt for Care prosjekta sitt om å yte hjelp til selvhjelp til kvinner i Afrika. Fleire kjende artistar deltok på albumet som vart innspilt i Tanzania. Unni Wilhelmsen gjer Tracy Chapmans «Fast Car», og dessutan «Mali Sista!» saman med Marie Daulne (aka Zap Mama).

Prisar og utmerkingarEndra

BakgrunnsstoffEndra