Urup (russisk Уру́п; japansk 得撫島; Uruppu) er ei øy i Kurilane nord for Japan som høyrer til Russland. Ho har eit areal på 1430 km² og det høgaste punktet er Gora Ivao (1426 moh).

Urup
øy
Land  Russland
Del av Stor-Kurilrekken
Areal 1 437 km²
Folketal 0
Kart
Urup
45°54′00″N 149°59′00″E / 45.9°N 149.98333333333°E / 45.9; 149.98333333333
Wikimedia Commons: Urup

Øya høyrde opphavleg til Matsumae-klanen, før ho kom inn under regionen Hokkaidō sin kontroll. Sidan den andre verdskrigen har Urup høyrt til Sakhalin oblast i Russland.

Sundet mellom Urup og Iturup heiter Vriessundet etter den nederlandske oppdagaren Maarten Gerritsz Vries, som var den første europearen som utforska området.[1] Sundet mellom Urup og Simusjir heiter Boussolesundet, etter det franske ordet for «kompass», som var namnet på eit av fartøya til La Pérouse. Denne franske sjøfararen utforska området rundt Kurilane i 1787.

Historie endre

Øya var opphavleg busett av ainufolk, det innfødde folkeslaget i Kurilane, Sakhalin og Hokkaidō. Den første europaren kom hit i 1643, med eit skip frå Det nederlandske austindiske selskapet kommandert av Maarten Gerritsz Vries. Dei gjekk i land her og leita truleg etter pels.

Russiske pelsjegerar dukka opp i området på 1700-talet på jakt etter havoter. Det oppstod strid mellom russrane og ainufolket i 1772 og russarane forlét området ein periode, men kom raskt attende. Ein liten russisk busetnad vart oppretta på Urup av pelsjegeren Ivan Tsjernyj i 1768, etter instruksjonar frå guvernøren i Sibir. I 1770-åra vart det gjort forsøk på å opprette handel med japanarane på Yezo (Hokkaido), men dette tok slutt då han vart øydelagd av ein tsunami i juni 1780.[2]

I 1801 tok japanarane offisielt kontroll over øya og innlemma ho i provinsen Ezo (i dag Hokkaidō prefektur). Dette førte raskt til strid med Russland over Urup og resten av Kurilane. Øya vart offisielt russisk territorium i 1855 etter ein avtale som sette grensa mellom dei to landa langs sundet mellom Urup og Etorofu (Iturup), men Japan kjøpte øya tilbake tjue år seinare i byte for Sakhalin. Det var i denne perioden at øya kom inn under administrasjonen til Hokkaidō prefektur og ainufolket vart drive bort.

Øya vart verande under Japan fram til august 1945, då sovjetiske styrkar invaderte Mandsjuria og Kurilane og sende dei japanske innbyggjarane på Urup tilbake til Hokkaidō. I 1952 signerte dei to partane San Francisco-avtalen der Japan sa frå seg kravet på øya.[3]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Utforskingar på 1600- og 1700-talet, arkivert frå originalen 25. mars 2008, henta 10. august 2008 
  2. George A. Lensen, The Russian Push toward Japan: Russo-Japanese relations, 1697-1875, Princeton University Press, 1959, s. 61-85; Valerij O. Sjubin, «Russian Settlements in the Kuril Islands in the 18-th and 19th centuries», Russia in North America: Proceedings of the 2nd International Conference on Russian America, Kingston & Fairbanks, Limestone Press,1990, s. 425-450.
  3. Historia til Kurilane

Bakgrunnsstoff endre