Utne kyrkje står på Utne i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1895. Arkitekt for bygget var Peter Andreas Blix. Kyrkja har eitt skip, utan mellomstolpar, med eit smalare kor med dei vanlege sideromma, sakristi på sørsida og opphaldsrom for dåpsfolk på nordsida. På vestsida av skipet er det tårn med våpenhus i tårnfoten og trapperom på sidene. På sørsida av skipet er det ein inngang med eit lite våpenhus.

Utne kyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Utne
Fellesråd Ullensvang
Type Langkyrkje
Arkitekt Peter Andreas Blix
Material Tre
Innvigd 5. juni 1895
Kyrkjegard Ved kyrkja, på andre sida av Riksveg 550
Sitjeplassar 400
Diverse Blasmåleri frå 1952 av Bernhard Greve
Kart
Utne kyrkje
60°25′23″N 6°37′21″E / 60.42305556°N 6.6225°E / 60.42305556; 6.6225
Wikimedia Commons: Utne kyrkje
Utne i 1933
Foto: Andreas Beer Wilse

På staden der kyrkja ligg var det fram til utskiftinga eit klyngjetun. Før dei fekk kyrkja på Utne sokna folk i området til Kinsarvik kyrkje.

Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.

Utne 2009
Foto: Sberia
Utne kyrkje før 1960
Foto: Nasjonalbiblioteket

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre