Opna hovudmenyen

Valderhaugstrand er administrasjonssenter i Giske kommune i Møre og Romsdal, på sør-austsida av Valderøya nordvest for Ålesund. Her ligg Giske rådhus, barne- og ungdomsskular og Valderøy kyrkje. På kjøpsenteret Øysenteret er det fleire butikkar, apotek og redaksjonen til lokalavisa Øy-Blikk. Snøggbåtsambandet Hareid-Valderøy-Ålesund blir trafikkert av MS «Tideekspress» og går fleire gongar dagleg frå ferjekaia på Valderhaugstranda. I nærleiken ligg også den gamle handelsstaden Løeg-garden.

Valderhaugstrand
stad
Giske kommune - Valderoya 4.jpg
Valderøya med tettstaden Valderhaugstrand i forgrunnen sett frå Heissa
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Giske
Postnummer 6050 VALDERØYA

Valderøy fekk ferjefritt fastlandssamband med Ålesund frå 1987. Valderhaugstranda grenser mot grendelaga Valderhaug i nord og Skjong i sør-vest.

Sjå ògEndra