Valldøla er ei freda elv som renn gjennom Valldal i Norddal kommune i Møre og Romsdal. Elva kjem frå Langvatnet på grensa mellom kommunane Norddal og Rauma og renn ut i Norddalsfjorden (ein arm av Storfjorden) ved Sylte. Elva er verna i medhald av Verneplan I for vassdrag, vedteke av Stortinget i 1973.

Valldøla og Holsbrua, ei steinkvelvbru frå 1921 med seinare betongpåbygg på vegen opp gjennom Valldal og over fjellet til Rauma kommune over Trollstigen. Holsfossen ligg rett ved, og her ligg eit vasskraftverk frå 1922.
Valldøla i nærleiken av Øvstestølen.

Vassdraget drenerer den vestlege luten av Reinheimen, mellom Romsdalen i nord og Tafjorden i sør, og dessutan fjellområde og sidedalar mot Stordal i vest og mot Rauma kommune i nordvest. Den nordvestlege parten av vassdraget ligg innanfor Trollstigen landskapsvernområde. Elva er 43,6 kilometer lang, eller 51,3 kilometer lang dersom ein reknar lengda frå den fjernaste kjelda ved Slettflybotnen nord for Langvatnet.

Inngrep i elva endre

Langvatnet, som Valldøla kjem frå, er regulert for at noko av vatnet skulle kunne nyttast i Verma kraftverk, eit vasskraftverk frå 1949 i elva Verma i Romsdalen, ei sideelv til elva Rauma. I sjølve Valldøla ligg Hoelsfossen elverk, som nyttar fallet i Holsfossen. Her er det dessutan bygd ei laksetrapp forbi fossen. Laksetrapper er det òg høgare opp i elva, ved Berlifossen og Kyrfonnfossen. Lange strekningar av elvebreidda har forbyggingar for å hindre erosjon og flaum. I nedre parten av elva er det dessutan teke ut store mengder med lausmasser. Utløpet i fjorden er sterkt omforma ved forbygging av elvedeltaet og utbygginga av sentrumsområdet i Sylte og etablering av industritomter.