Valmanntalet til Sametinget

Wikimedia-listeartikkel

Valmanntalet til Sametinget er registeret over alle som har røysterett til valet til Sametinget i Noreg. Det var per 2021 registrert 20 454 personar i manntalet[1]. Frå det vart oppretta i 1989 og fram til 2008 heitte registeret «samemanntalet».

Kriteria for medlemsskap i Valmanntalet til Sametinget endre

For å stå i Valmanntalet til Sametingetmå ein vere 18 år, sjølv oppfatte seg som same, og anten ha samisk som heimespråk, ha (hatt) forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk, eller vere barn av person som står eller har stått i manntalet[2].

Valkrinsar endre

Dei 7 valkrinsane er:

Nr. Valkrins Røysteføre i 2021
1. Austre valkrins 2554
2. Avjovárri valkrins 3769
3. Nordre valkrins 3115
4. Gáisi valkrins 3137
5. Vesthavet valkrins 2172
6. Sørsamisk valkrins 1521
7. Sør-Noreg valkrins 4277
Til saman 20 454

Kjelder endre

  1. Sametinget. «Sametingets valgmanntall 1989-2021». www.sametinget.no. 
  2. «Innmelding i valgmanntallet», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 25. februar 2019 

Bakgrunnsstoff endre