Vanellinae
Smedvipe, Vanellus armatus Foto: Hans Hillewaert
Smedvipe, Vanellus armatus
Foto: Hans Hillewaert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Underfamilie: Vanellinae
Bonaparte, 1842

Vanellinae er eit utval av medlemmer av lofamilien, Charadriidae, og er klassifisert som ein underfamilie av lofamilien. Desse fuglane flyg med langsame, uregelmessig vengeslag og læt eit skingrande, jamrande skrik. Kroppslengda på desse fuglane er ca. 17 til 38 centimeter. Gruppa består av slekta Vanellus, som samlar alle fuglar med fellesnemninga 'vipe' på norsk, samt slekta Erythrogonys med ein art brunsidelo.

Dei tradisjonelle omgrepa «lo», «vipe» og «boltit» vart skapt lenge før moderne forståingar av tilhøvet mellom ulike grupper av fuglar dukka opp, dei samsvarande engelske nemningane 'plover', 'lapwing' og 'dotterel' er ikkje brukt eksakt i samsvar med dagens taksonomi.

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra