Voss kyrkje

(Omdirigert frå Vangskyrkja)

Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, er ei steinkyrkje som ligg på Vossavangen i Voss herad. Vangskyrkja vart truleg bygd i 1270-åra. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje i Hordafylket og soknekyrkje for eit stort område. Utvendig er kyrkja dominert av det store og høge myrke tretårnet, som er bygd på 1600-talet, og dei åtte massive støttepilarane ved veggjene.

Voss kyrkje
kyrkje
Vangskyrkja på Vossavangen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Voss
Fellesråd Voss
Lengd Heil lengd 40,5 m, skip 21,5 m, breidde 13,5 m m
Periode Gotikk
Teknikk Mur
Material Stein, han vore overkalka, tretak
Innvigd 25. eller 26. mai ukjend år, etter tradisjonen 1277
 - Vigd til St. Mikael
Tårn Over tårnhuset
Portal Vestportal sideportalar
Kor 10 x 10,5 m
Skip Einskipa
Kyrkjegard Rundt kyrkja
Preikestol Renessanse
Døypefont Ein kvitmåla dåpsengel i tre i lekamsstørrelse som senkast ned frå taket held dåpsfatet. Frå København ca. år 1820
Altartavle Altertavle bygd rundt eit seingotisk altarskåp.
Motivet er ei synleg krossfestingsscene. Bak er restar av Marias himmelkroning. Fotstykket, Jesus i Getsemane, stammar frå 1200- og 1600-talet
Diverse På korskiljet heng eit krusifiks frå seint 1600-tal
Kart
Voss kyrkje
60°37′44″N 6°25′00″E / 60.628755°N 6.416702°E / 60.628755; 6.416702
Wikimedia Commons: Voss kirke

«Magnus Haconar sun Noregs konungr sændir ollum mannum i Vangs kirkin sokn q. G. oc sina. Unið þer margfallega oc sva vilium ver þacca yðr, at þer havet mannlæga tilraðet at gera yðr steinkirkiu i stað firir trekirkiu eptir rað oc firirsogn vars virðulex herra Hakonar Noregs konungs foður vars.»

Magnus Lagabøte i brev til vessene skrive i 1271
Gjert Hendriksen Milzow: Voss og Hardangers Prestehistorie ved O. Olafsen, 1911
Opphavleg utgjeven som Presbyterologia Norwegico Wos-Hardangriana i 1679

Interiør endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre