Vasspissmus

pattedyrart
Vasspissmus
Vasspissmus
Vasspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Vasspissmus
Utbreiinga av Vasspissmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Underfamilie: Soricinae
Stamme: Nectogalini
Slekt: Neomys
Art: Vasspissmus N. fodiens
Vitskapleg namn
Neomys fodiens

Vasspissmusa (Neomys fodiens) er ein spissmusart som lever nær vatn i tempererte strok i heile Eurasia. Det er den største spissmusarten me finn i Skandinavia og også den einaste delvis vasslevande.[2]

Kjenneteikn endre

Vasspissmusa kan bli opptil 100 mm lang og er såleis stor til spissmus å vera. Halen er om lag like lang som resten av kroppen, og er naken. Resten av kroppen er dekt med ein kort, mørk pels som er særs mjuk å ta på. Undersida er lysare. Mellom beina og halen har dei nokre stive hår som fungerer som ein kjøl i vatnet.

Vasspissmus har giftig spytt som kan nyttast til å lamma større byttedyr som småfisk og frosk. Han vert difor rekna mellom dei giftigaste pattedyra som finst. I munnen har dei mange små, skarpe tenner som passar godt til å halda fast bytte.

Levevis endre

Vasspissmusa trivst best nær sakterennande elver og bekkar med ikkje så altfor grumsete vatn. Sjølv om han er ein god symjar og dykkar, sym han sjeldan langt frå bredda. Ein finn dei òg i skog langt frå vatn.

Det hender ein treffer på vasspissmus i familiegrupper, men dei heldt seg stort sett for seg sjølv. Arten er sterkt territorial, og er aktiv både dag og natt. Når dei søv i korte periodar, er det i hi dei grev ut hi fora med gras og mose. Desse ligg som regel i elvebredder.

Stoffskiftet til vasspissmusa er særs raskt, noko som gjer at dyret må bruka mykje tid på å eta. Kvart døger set dei til livs mat tilsvarande si eiga vekt. Viss dei går stort lenger enn tre timar utan å eta, døyr dei. Kosthaldet består som oftast av krepsdyr, vassinsekt og snigel, men dei tek òg større dyr som frosk og småfisk. På land et dei meitemark og insekt.

Formeiring endre

Vasspissmusa parar seg gjennom heile sommarhalvåret, men mest intensivt på forsommaren. Hannen snik seg forsiktig inn på området til hoa for å undersøka om ho er brunstig. Viss ho ikkje er det, vert det rett som det er slåsskamp i staden for paring ut av det.

Hoa parar seg som regel fleire gongar i løpet av ein sesong, ofte same dag som ho har fødd. På denne måten får ho ofte dei nye kulla så snart dei gamle er avvent. På ein sommar før ho gjerne opp to eller tre kull på 3-8 ungar.

Kjelder endre

* Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse AB 1992

Referansar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av vannspissmus Neomys fodiens for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.