Verdscupen i langrenn 1981/Kvinner

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1981-sesongen omfatta 15 tevlingar. Tevlingane tok til 13. desember og vart avslutta 21. mars 1981. Dei ti individuelle renna bestod av sju tevlingar over 5 kilometer, ei over 10 km og to 20-kilometerar. Tre av stafettane gjaldt 3x5 km, to gjaldt 4x5 km.

Renna fann stad i Davos (2) i Sveits, Ramsau am Dachstein (2) i Austerrike, Klingenthal i Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, La Bresse (2) i Frankrike, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige, Oslo (2) i Noreg og Whitehorse i Canada.

Raisa Smetanina frå Sovjetunionen vann seks renn og vart tildelt FIS-pokalen. Norske Berit Aunli vann to renn og kom på andreplass i turneringa. Barbara Petzold frå Aust-Tyskland og Květa Jeriová frå Tsjekkoslovakia tok kvar sin rennsiger.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Raisa Smetanina   Sovjetunionen 178
2 Berit Aunli   Noreg 153
3 Květa Jeriová   Tsjekkoslovakia 130
4 Raisa Khvorova   Sovjetunionen 117
5 Anette Bøe   Noreg 115
6 Marit Myrmæl   Noreg 97
7 Karin Lamberg   Sverige 93
8 Hilkka Riihivuori   Finland 81
9 Barbara Petzold   Aust-Tyskland 80
10 Brit Pettersen   Noreg 79
11 Zinaida Amosova   Sovjetunionen 74
12 Nadesjda Sjamakova   Sovjetunionen 65
13 Inger Helene Nybråten   Noreg 61
14 Ljubov Ljadova   Sovjetunionen 60
15 Eva Olsson   Sverige 54
16 Karin Jäger   Vest-Tyskland 42
17 Carola Anding   Aust-Tyskland 42
18 Shirley Firth   Canada 41
19 Grete Ingeborg Nykkelmo   Noreg 40
20 Ljubov Zabolotskaja   Sovjetunionen 37
21 Maria Thulin   Sverige 36
22 Ragnhild Bratberg   Noreg 34
23 Dagmar Švubová   Tsjekkoslovakia 31
24 Hilde Riis   Noreg 27
25 Marja-Liisa Hämäläinen   Finland 23

Kjelder

endre
  • Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.