Verdscupen i skihopping 1997

Verdscupen i skihopping 1997 omfatta 25 individuelle tevlingar og 1 lagtevling. Turneringa tok til med eit storbakkerenn på Lillehammer den 30. november 1996 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 23. mars 1997. Dei 25 individuelle tevlingane fordelte seg på 3 i normalbakkar, 18 i storbakkar og 4 i skiflygingsbakkar.

Primož Peterka frå Slovenia vann den store FIS-premien, han sigra i sju enkeltrenn. Japan hadde det klart beste hopplandslaget, Noregs landslag kneip andreplassen framom Finland.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Primož Peterka   Slovenia 1402 7
2 Dieter Thoma   Tyskland 1208 4
3 Kazuyoshi Funaki   Japan 1018 4
4 Takanobu Okabe   Japan 941 3
5 Hiroya Saitō   Japan 923 1
6 Andreas Goldberger   Austerrike 817
7 Kristian Brenden   Noreg 793 1
8 Janne Ahonen   Finland 734
9 Jani Soininen   Finland 657
10 Adam Małysz   Polen 612 2
11 Lasse Ottesen   Noreg 545
12 Ari-Pekka Nikkola   Finland 464
13 Roar Ljøkelsøy   Noreg 462
14 Mika Laitinen   Finland 440
15 Andreas Widhölzl   Austerrike 401 1
16 Espen Bredesen   Noreg 384
17 Noriaki Kasai   Japan 351
18 Nicolas Dessum   Frankrike 328
19 Martin Höllwarth   Austerrike 293 1
20 Ville Kantee   Finland 255
21 Jakub Sucháček   Tsjekkia 242
22 Sturle Holseter   Noreg 234
23 Hansjörg Jäkle   Tyskland
Jaroslav Sakala   Tsjekkia 219
25 Akira Higashi   Japan 211 1

Kjelder

endre