Verdscupen i skihopping 2005

Verdscupen i skihopping 2005 omfatta 28 individuelle tevlingar og 3 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 26. november 2004 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 20. mars 2005. Dei 28 individuelle tevlingane fordelte seg på 24 i storbakkar og 4 i skiflyging.

Fjorårsvinnar Janne Ahonen sikra seg den store FIS-premien, som året før framom norske Roar Ljøkelsøy. Ahonen vann heile 12 enkeltrenn, landsmannen Matti Hautamäki sigra i 6 renn.

Austerrike tok flest poeng samla sett, med Finland på andreplass og Noreg på tredje.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Janne Ahonen   Finland 1715 12
2 Roar Ljøkelsøy   Noreg 1440 2
3 Matti Hautamäki   Finland 1275 6
4 Adam Małysz   Polen 1201 4
5 Martin Höllwarth   Austerrike 1179 1
6 Jakub Janda   Tsjekkia 1164 1
7 Thomas Morgenstern   Austerrike 1138
8 Andreas Widhölzl   Austerrike 999 1
9 Michael Uhrmann   Tyskland 804
10 Lars Bystøl   Noreg 613
11 Georg Späth   Tyskland 559
12 Risto Jussilainen   Finland 526
13 Daiki Itō   Japan 511
14 Bjørn Einar Romøren   Noreg 467 1
15 Jernej Damjan   Slovenia 451
16 Noriaki Kasai   Japan 416
17 Andreas Küttel   Sveits 395
18 Wolfgang Loitzl   Austerrike 350
19 Rok Benkovič   Slovenia 335
20 Sigurd Pettersen   Noreg 314
21 Henning Stensrud   Noreg 275
22 Michael Neumayer   Tyskland 259
23 Simon Ammann   Sveits 243
24 Alexander Herr   Tyskland 233
25 Tommy Ingebrigtsen   Noreg 224

Kjelder

endre