Vichy-regimet

(Omdirigert frå Vichyregimet)

Vichy-regimet var styresmakta som styrte delar av Frankrike under andre verdskrigen. Regjeringa under leiing av marskalk Philippe Pétain kontrollerte dei sørlege delane av Frankrike og dei franske koloniane i tida frå 10. juli 1940 til august 1944.


Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Den 22. juni 1940 signerte Frankrike ei våpenkvileavtale med tyskarane, og områda som ikkje var okkupert av Nazi-Tyskland fekk tilnamnet Vichy-Frankrike (formelt kalla dei seg "État Français" i motsetnad til det tradisjonelle namnet "République Française"). Vichy i departementet Puy-de-Dôme vart vald til hovudstad sidan han låg relativt nær Paris (4,5 time med tog) og hadde den største hotellkapasiteten i landet på den tida. I tillegg hadde byen eit svært moderne telefonsamband, som gjorde det mogeleg å nå heile verda.

Bakgrunn

endre

Etter at Frankrike saman med Storbritannia erklærte krig mot Tyskland og deretter leid store nederlag, var landet i ein vanskeleg politisk og militært situasjon. I hovudsak fanst to politiske standpunkt – dei som ynskte våpenkvile og dei som ynskte å halda fram kampen, mellom anna ved å henta ressursar frå Algerie og dei andre koloniane.

Forkjemparane for våpenkvile, mellom anna general Maxime Weygand, marskalk Henri Philippe Pétain i tillegg til politikarane Pierre Laval og François Darlan, hadde størst oppslutnad.

Regeringssjefen Paul Reynaud valde å gå av den 16. juni 1940, og Frankrike sin president Albert Lebrun utpeika Philippe Pétain som etterfølgaren hans. Pétain var ein av Frankrike sine mest feira krigsheltar frå første verdskrigen. Dagen etter erklærte Pétain at Frankrike skulle innstilla krigshandlingane. Nasjonalforsamlinga flytta frå Paris til Vichy, som låg i den ikkje-okkuperte sona, og som kunne innlosjera eit stort tal personar.

General Charles de Gaulle flykta til London, der han vart sentral i motstandskampen. Allereie den 18. juni 1940 tala de Gaulle i BBC sine franskspråklege sendingar, og stilte seg i spissen for det han kalla eit fritt Frankrike (France Libre). Han oppmoda landsmennene sine til å halda fram med kampen: «Uansett kva som skjer, må ikkje elden til den franske motstandskampen sløkkja».

Våpenkvile

endre
 
Det raude området vart okkupert av Tyskland, det grøne vart styrt av Vichy-regimet
 
I operaen i Vichy gjorde parlamentet i den tredje franske republikken vedtak om å overføra makta til marskalk Pétain den 10. juli 1940

Den 22. juni 1940 skreiv den franske delegasjonen under på avtala om våpenkvile, men dei måtte gå med på harde vilkår. Avtalen innebar at kring 3/5 av Frankrike skulle vera under tysk militær okkupasjon så lenge den pågåande krigen varte.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.