Vimpelkolibri

kolibriart
Vimpelkolibri
Vimpelkolibrihann
Vimpelkolibrihann
Vimpelkolibrihoe
Vimpelkolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Vimpelkolibri
Utbreiinga av Vimpelkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Ocreatus
Art: Vimpelkolibri O. underwoodii
Vitskapleg namn
Ocreatus underwoodii

Vimpelkolibri (Ocreatus underwoodii) er ein liten kolibriart i stammen Heliantheini, «briljantar», i underfamilien Lesbiinae. Han finst i kystfjellkjeda i Venezuela og i Andesfjella i Colombia, Ecuador og Venezuela.[1][2]

Skildring endre

 
Vimepelkolibri-hann ryddar vekk eit insekt som blokkerer tilgang til nektar

Arten syner tydeleg kjønnsdimorfisme. Berre hannen har langstrekte ytre rektrisar (halefjører). Desse halefjørene har berre skaft med lange ovale flagg i enden. I alle fem underartar av vimpelkolibri er desse fjørene rette og kryssar seg ikkje; flagga overlappar litt. Begge kjønn av alle har grønaktig overside utan glitrande panne, og alle har kvite fjørduskar rundt beina. Hannane har ein grøngrå hals og ein solid grøn buk. Hannar av vimpelkolibriar er 11 til 15 cm lange, inkludert dei 7 til 8 cm lange ytre halefjørene, og veg 2,5 til 2,7 gram. Hoene er 7,6 til 9 cm lange og veg 2,6 til 3,2 g.[3][4]

Vimpelkolibrien lever i dei tempererte og subtropiske Andesfjella. Han favoriserer utkantar av fuktig til våt skog, men finst også i indre og i meir open sekundærskog. Han er mest talrik i høgder mellom 1 600 og 2 200 moh., men finst så lågt som 600 m og så høgt som 4 000 moh.[4] Avhengig av underart er hannar av vimpelkolibriar ulike i fargen og forma på haleflagga; hoene er ulike i mønsteret av grøne flekker på den kvite halsen og buken. Underartane syner desse skilnadene:[3]

  • O. u. polystictus hannar har blåsvarte ovale flagg, hoa er kraftig flekka
utbreiing: det venezuelanske kystområdet mellom delstatane Carabobo og Miranda
  • O. u. disifer hannar har blåaktig til turkis-svart ovale flagg, hoa er middels tettleik av fine flekker
utbreiing: nordvestlege Venezuela og tilstøytande nordlege Colombia
  • O. u. underwoodii hannar har blåaktige til turkis-svarte ovale flagg, hoa er middels flekka
utbreiing: Andes i Colombia, austlege fjellkjede
  • O. u. incommodus hannar har blåaktige svarte ovale flagg, hoa er middels til marginalt flekka
utbreiing: Colombias sentrale og vestlege Andesfjellkjeder
  • O. u. melanantherus hannar har blåsvart ovale til runde flagg, hoa er uflekka
utbreiing: Andes-stillehavsskråninga frå Nariño-departementet i Colombia til det sørvestlege Ecuador

Vimpelkolibriar gjer sesongmessige høgderørsler utanom hekketida.[4] Dei finn vanlegvis føde mellom 6 og 18 m over bakken. Han tek nektar frå ei rekkje plantar som dei av slektene Palicourea, Clusia, Inga og Cavendishia. Ofte vil fleire fuglar beite tett saman. I tillegg til å livnære seg på nektar, fangar han små insekt ved å jakte frå ei grein.[4]

Vimpelkolibri hekkar minst mellom januar og april i Colombia, men hekkar sannsynlegvis når som helst i løpet av året. Hoa lagar eit lite koppforma reir av plantefiber og lav, typisk på ein horisontal kvist 6 til 8 meter over bakken. Ho rugar på to egg i 16 til 17 dagar; flyging ut av reiret skjer 19 til 22 dagar etter klekking.[4]

Begge kjønna gjev «ein diagnostisk, søkkande, tynn søt trille, 'ti-tlee-ee-ee' [og] enkle 'tsit' og 'trrt'-tonar».[4]

Taksonomi og systematikk endre

Vimpelkolibri, som definert av International Ornithologists' Union (IOC) og Clements-taksonomien, har fem underartar. Taksonomien deira inkluderer begge to artar til i slekta Ocreatus, peruvimpelstjert (O. peruanus) og inkavimpelstjert (O. addae).[1] Tidlegare var O. peruanus og O. addae rekna som underartar av vimpelkolibri O. underwoodii, Clements-taksonomien vart endra så seint som i 2022.[5] Dei fem underartane som er anerkjende av IOC og Clements er dei lista i avsnittet Skildring over.

Taksonomien til BirdLife International sin Handbook of the Birds of the World (HBW) taksonomi har ikkje utført splitten per 2023 og reknar vimpelkolibri som einaste artstaksonet i slekta. HBW inkluderer også ein åttande underart, O. u. annae.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  2. 2,0 2,1 «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  3. 3,0 3,1 Schuchmann, Karl-L.; Weller, André-A.; Jürgens, Dietmar (2016). «Biogeography and taxonomy of racket-tail hummingbirds (Aves: Trochilidae: Ocreatus): Evidence for species delimitation from morphology and display behavior». Zootaxa 4200 (1): 83. PMID 27988640. doi:10.11646/zootaxa.4200.1.3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 García, N. C., K.L. Schuchmann, and P. F. D. Boesman (2022). White-booted Racket-tail (Ocreatus underwoodii), version 1.0. In Birds of the World (B. K. Keeney, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.boorat1.01
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2018), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – October 2022, page 207, Booted Racket-tail Ocreatus underwoodii, Cornell Lab of Ornithology, henta 2. juli 2023

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vimpelkolibri