Vines er ei grend i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Vines ligg på Folgefonnhalvøya mellom Utne og Herand, og er ei av mange fruktbygder i Ullensvang. Riksveg 550 går gjennom Vines og strekkja er del av Nasjonal turistveg Hardanger.[1]

Vines
stad
Vines skule i mai 2010. Til høgre ligg ein frukthage i bløming
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5778 UTNE
Preposisjon Vines
Kart
Vines
60°24′55″N 6°31′35″E / 60.415277777778°N 6.5263888888889°E / 60.415277777778; 6.5263888888889

Grenda har eige grannahus og bedehus[2] , og hadde tidlegare også daglegvarebutikk. Barneskulen Vines skule, med 29 elevar skuleåret 2008/2009, låg òg på Vines, men vart nedlagt som skule 2011. Ungane frå og med Utne til og med grensa mot Jondal kommune gjekk fyrste til sjuande klassesteg på Vines skule, no går dei t på Hauso skule.

Vines fekk eige postkontor i 1881, men fyrst i 1887 fekk det eige datostempel, to rings av vanleg type. Rasjonaliseringa til Posten førte til at Vines postkontor vart nedlagt i 1974. Tidlegare var det også anløp for dampskip her.[3]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre