Vinje kyrkje på Voss
Vinje kyrkje står på Nedre Vinje i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for kyrkja var byggmeister Ole Vangberg. Vangberg laga også teikningane til Oppheim kyrkje, som vart oppført same året som Vinje kyrkje. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.
Vinje kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Vinje | ||
Fellesråd | Voss | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Vangberg | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 3. oktober 1871[1] | ||
• Endringar | Påbygd sakresti i 1963 | ||
Altartavle | Frå 1903, av Nils Bergslien | ||
Sitjeplassar | 350[2] | ||
Vinje kyrkje på Voss 60°47′33″N 6°30′39″E / 60.7925°N 6.51083333°E | |||
Wikimedia Commons: Vinje kirke, Voss |
Til grunn for teikningane til Vinje kyrkje låg dei Vangberg laga til Bruvik kyrkje på Osterøy og dei teikningane bygde igjen på dei laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.
Kyrkja er soknekyrkje i Vinje sokn i Hardanger og Voss prosti.
Inventar
endreAltertavla har Jesus i Getsemane som motiv og vart måla av Nils Bergslien i 1903[2]. Døypefonten er i tre og er laga av Størk Hirth i 1919.[3]
Tidlegare kyrkjer på Vinje
endreDet har vore kyrkje på Vinje sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Vinje-kyrkja nemnd i kjeldene er frå 1329. Denne kyrkja, som trulegast var i stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. Laftekyrkja stod søraust for Vinjetunet, og truleg stod også mellomalderkyrkja der. Frå mellomalderen er bevard ein benk og ein trefigur på museum, og ei kyrkjeklokke som heng i den noverande Vinje kyrkje. 1600-talskyrkja vart riven i 1872 og delar av vyrket og inventaret vart seld på auksjon.[1] Ein del av vyrket vart brukt i eit soknehus, og vart attoppdaga då huset skulle rivast i 1985. Det gamle vyrket har sidan vore lagra på Voss folkemuseum.[4]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Norges kirker: «Vinje kyrkje - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Vitja 2. august 2009
- ↑ 2,0 2,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Vinje kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 357. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ «Norges kirker: «Vinje kyrkje - Inventar» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Vitja 2. august 2009
- ↑ Om den gamle Vinje kyrkje på nettstaden til Vossestrand sogelag[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Fotografi av tømmerkyrkja frå 1670-åra som stod litt søraust for Vinjetunet.
- Om den gamle Vinje kyrkje på nettstaden til Vossestrand sogelag[daud lenkje]
- Om Vinje sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker for Vinje på nettstaden til Arkivverket
- Nettstaden til DIS-Norge: Oversikt over gravminne på Vinje kyrkjegard
- Vinje kyrkje på Voss i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Vinje kyrkje på Voss». Kirkesøk. Den norske kyrkja.