Voda av Ana Soklič

«Voda»
Song av Ana Soklič
Land Slovenia
Språk Slovensk
Utgjeve 18. februar 2020
Sjanger Ballade
Lengd 03:01
Selskap ZKP RTVSLO
Komponist Ana Soklič
Tekstforfattar Ana Soklič
Låtskrivar(ar) Ana Soklič, Bojan Simončič

«Voda» ('vatn') er ein popballade frå 2020, utgjeven av den slovenske artisten Ana Soklič. Ho har skrive teksta til songen, og ho har komponert melodien saman med Bojan Simončič. «Voda» vann den slovenske musikktevlinga EMA 2020 i februar 2020 og skulle ha vore det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Eurovision Song Contest endre

«Voda» deltok i den slovenske musikktevlinga EMA 2020, arrangert av allmennkringkasteren RTVSLO. EMA er den slovenske versjonen av norske Melodi Grand Prix, og vinnaren får representere Slovenia i Eurovision Song Contest. RTVSLO tok imot bidrag til tevlinga fram til 19. november 2019, og «Voda» var blant dei tolv songane som vart plukka ut til tevlinga.[3][4] I den slovenske finalen 22. februar 2020 vann songen telefonavrøystinga med 5035 røyster.[5] Som følgje av sigeren vart «Voda» det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam.

I januar 2020 vart Slovenia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy tysdag 12. mai.[6] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7]

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Slovenia 18. februar 2020 Radioversjon RTVSLO [8]

Kjelder endre

  1. Santos, Pedro (22. februar 2020). «Slovenia: Ana Soklič to Eurovision 2020 after winning EMA». Henta 22. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. Niazi, Dan (1. august 2019). «Slovenia’s RTVSLO open submission window for EMA 2020». escxtra. Henta 22. februar 2020. 
  4. Farren, Neil (20. desember 2019). «Slovenia: EMA 2020 Finalists Revealed». eurovoix. Henta 22. februar 2020. 
  5. «Slovenia has picked Ana Soklič for Eurovision 2020». eurovision.tv. 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  6. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  8. Juhász, Ervin (18. februar 2020). «Listen To Longer Clips Of All Participating Songs In Slovenia's EMA 2020!». Henta 23. februar 2020.