Voilà av Barbara Pravi

song frå 2020 med Barbara Pravi

«Voilà» (norsk omsetjing 'sjå der'[1]) er ein fransk chanson-inspirert popballade frå 2020 som vert framført av den franske songaren Barbara Pravi. Songen er komponert av Pravi saman med låtskrivarane Igit og Lili Poe. Han vart gjeven ut kommersielt 6. november 2020 og vann den franske musikktevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! laurdag 30. januar 2021. Gjennom sigeren vart «Voilà» det franske bidrag i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Der enda han på andreplass bak Italia, og dette var den beste plasseringa til Frankrike i Eurovision Song Contest på 30 år.

Om songen endre

«Voilà» er komponert av dei franske låtskrivarane Lili Poe, Igit og Barbara Pravi. Dei to sistnemnde har skrive fleire songar saman, blant andre «J'imagine» som barneartisten Valentina vann Junior Eurovision Song Contest med i Warszawa i 2020. «Voilà» handlar om ei kvinne si reise frå eit liv fylt av utryggleik, til en tilvære prega av sjølvtryggleik og mot.[2]

«Voilà» er skriven i chanson-stil og vart gjeven ut i november 2020.[3] Den var blant deltakarane i den franske songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez!. Tevlinga vart arrangert av tv-kanalen France 2 laurdag 30. januar 2021, og songen vart framført av Barbara Pravi. Hun gjekk vidare frå fyrste runde og vann til slutt både jury- og telefonavrøystinga. Som vinnar av tevlinga vart songen det franske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.

Eurovision Song Contest endre

«Voilà» var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Sidan Frankrike er eitt av «Dei fem store landa» i tevlinga, var songen automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai 2021.

I vekene før tevlinga vart songen ein av dei store favorittane til å vinne Eurovision Song Contest.[4] Sist gong Frankrike vann, var i 1977 med Marie Myriam og «L'oiseau et l'enfant».[5] I finalen vart «Voilà» nummer to med 499 poeng, 25 poeng bak italienske Måneskin.[6] Dette var den beste plasseringa til Frankrike på 30 år, då Amina kom på andreplass i 1991 med songen «C'est le dernier qui a parlé qui a raison».

Kjelder endre

  1. «voilà» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Barbara Pravi: Voilà lyrics in English - France Eurovision 2021». wiwibloggs (på engelsk). 30. januar 2021. Henta 31. januar 2021. 
  3. «Barbara Pravi - France - Rotterdam 2021». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 31. januar 2021. 
  4. «Eurovision 2021 odds: Italy overtakes France as favourite to win following running order reveal». wiwibloggs (på engelsk). 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  5. «Eurovision: Barbara Pravi, "Voilà" la favorite». LExpress.fr (på fransk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  6. «Congratulations ITALY: Måneskin win Eurovision Song Contest 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 22. mai 2021. Henta 23. mai 2021.