Voksmarihand
Voksmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. incarnata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca
(Wüstnei ex Boll) Hunt & Summerh.
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Land rundt Nordsjøen og Austersjøen |
Voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca) er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreVoksmarihand høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta.[2] Han har tidlegare av og til blitt rekna som ein eigen art med namnet D. ochroleuca, men blir i dag teke med i engmarihand-komplekset som underarten D. incarnata ssp. ochroleuca. I Sverige og Danmark er voksmarihand ikkje rekna som underart, men som varietet (D. incarnata var. ochroleuca).[3][4] Det svenske namnet er vaxnycklar og det danske hvidgul gøgeurt.
I Estland er voksmarihand rekna som underart, men er òg registrert som eigen art (D. ochroleuca), som varietet (D. incarnata var. ochroleuca) eller som form (D. incarnata f. ochroleuca) av engmarihand.[5] I Litauen er voksmarihand rekna som eigen art.[6]
Norske underartar av D. incarnata er nominatunderarten grasmarihand (ssp. incarnata) og dynemarihand (ssp. coccinea).
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten.[7] I Plants of the World Online held ein fast ved voksmarihand, dynemarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[8]
Utbreiing
endreDet finst eit belagt funn i Trøndelag frå 1890,[9] men seinare omtalte funn i Noreg er ikkje stadfesta.
I Sverige er det registrert spreidde funn i den sørlige delen av landet, mest på Gotland og Öland, men han er ikkje vurdert separat for raudlista[3] I Danmark er det funnstader nord på Sjælland og på Møn, og han blir rekna som sterkt truga (EN).[4]
I Storbritannia er voksmarihand berre funne nokre få stader heilt aust i England. Underarten er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[10] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[11] på same måte som lokalt i England.[12] Eit mogleg funn vest i Irland er ikke stadfesta, og arten er ikkje vurdert for den irske raudlista.[13]
I Estland veks underarten (estisk namn kollakas sõrmkäpp) mest på øyane og vest på fastlandet. Han er rekna som nær truga (NT).[14] I Latvia er underarten (latvisk namn iedzeltenā dzegužpirkstīte) rekna som sjeldan,[15] men er ikkje vurdert separat.[16] I Litauen finst voksmarihand (litauisk namn gelsvoji gegūnė) spreidd over landet i små populasjoner og er rekna som sterkt truga (EN).[6][17]
Hybridar
endreI Litauen er det registrert hybridar mellom voksmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × incarnata ssp. ochroleuca eller Dactylorhiza incarnata nothossp. versicolor).[18][6]
I Sverige er det registrert hybridar med nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. templinensis).[19][20]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar voksmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre voksmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ 3,0 3,1 «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca vaxnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Naturbasen: Hvidgul Gøgeurt Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca». Naturbasen. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «eElurikkus: Species» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 38-39. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023.
- ↑ Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Artskart: Voksmarihand». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza incarnata subsp. ochroleuca» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: iedzeltenā dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 6. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 401. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza incarnata nothosubsp. versicolor». Plants of the World Online. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × aschersoniana nothosubsp. templinensis». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca × majalis subsp. majalis vaxnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) voksmarihand i Global Biodiversity Information Facility
- (en) voksmarihand hos The International Plant Names Index
- (en) voksmarihand hos Tropicos