Blodmarihand

varietet i planteriket
Blodmarihand

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Økologi
Habitat: kalkhaldig eng, skog
Utbreiing: Eurasia

Blodmarihand er ei planteorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho blir no rekna som ein type av grasmarihand (nominatunderarten av engmarihand),[1] og står i Artsdatabanken som varieteten D. incarnata var. cruenta.[2]

Utsjånad

endre

Blodmarihand har alltid mørke, purpurfarga blomster, og blir ikkje fullt så stor som andre grasmarihand. Det beste kjennemerket er at både over- og undersida av blada har flekkar som flyt saman, slik at blada ser nærmast brune ut.

Systematikk

endre

Blodmarihand høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta.[3] Han har tidlegare av og til blitt rekna som ein eigen art med namnet D. cruenta, og har seinare vore teke med i engmarihand-komplekset som underarten D. incarnata ssp. cruenta. I samband med arbeidet med Norsk raudliste for artar for 2021, blei det konkludert med at blodmarihand truleg er ei kunstig eining og blei derfor ikkje vurdert for raudlista.[4] I den 8. utgåva av Norsk flora er blodmarihand rekna som ein type av grasmarihand.[1]

I Sverige og Danmark er blodmarihand ikkje rekna som underart, men som varietet (D. incarnata var. cruenta).[5][6] I Finland og på Dei britiske øyane er han rekna som underart.[7][8][9]

I Estland er blodmarihand rekna som underart, men er òg registrert som eigen art (D. cruenta).[10] I Latvia og Litauen er voksmarihand rekna som eigen art.[11][12]

Ein annan underart av D. incarnata i Noreg ved sidan av nominatunderarten grasmarihand (ssp. incarnata), er den sjeldne underarten dynemarihand (ssp. coccinea). I Sverige og Danmark veks òg voksmarihand (ssp. ochroleuca eller var. ochroleuca).

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for engmarihand.[13] I Plants of the World Online held ein fast ved blodmarihand, voksmarihand, dynemarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[14]

Utbreiing

endre

I Noreg veks blodmarihand på kalkhaldig grunn, mest på eng og i høgareliggande skog. Vanlegast er han i Midt-Noreg.[15]

Blodmarihand er ganske vanleg i Sverige (svensk namn blodnycklar), men er ikkje raudlistevurdert separat.[5] Det er nokre usikre registreringar i Danmark (dansk namn blodplettet gøgeurt), men heller ikke der er han raudlistevurdert.[6] I Finland blir blodmarihand (finsk namn veripunakämmekkä) rekna som sårbar (VU).[7]

På Dei britiske øyane er blodmarihand (engelsk namn flecked marsh orchid) funne i Irland og nokre få stader i Skottland.[16] Han er rekna som livskraftig (LC) i den irske raudlista,[9] medan han er vurdert å vere sterkt truga (EN) i den britiske raudlista.[8]

I Estland veks underarten (estisk namn täpiline sõrmkäpp) spreidd utanom i nordaust. Han er rekna som nær truga (NT).[17] I Latvia veks underarten (latvisk namn iedzeltenā dzegužpirkstīte) helst på våt og kalkrik grunn.[11] På den latviske raudlista er han klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[18] I Litauen finst blodmarihand (litauisk namn gelsvoji gegūnė) spreidde stader og er rekna som sårbar (VU).[12][19]

Hybridar

endre

I Sverige er det registrert hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata ssp. fuchsii eller Dactylorhiza ×kerneriorum nothossp. ampolai),[20][21] med flekkmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata ssp. maculata)[22] og med lappmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × majalis ssp. lapponica).[23] Blodmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica).[24][25]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  2. «Artsdatabanken: Artsopplysningar blodmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre blodmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. «Raudlista: Blodmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta blodnycklar». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024. 
  6. 6,0 6,1 «Naturbasen: Blodplettet Gøgeurt Dactylorhiza incarnata var. cruenta». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 «LAJI: Dactylorhiza incarnata subsp. cruenta». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  10. «eElurikkus: Species» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 20. juli 2024. 
  11. 11,0 11,1 «Latvijas daba: asinssarkanā dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023. 
  12. 12,0 12,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 36-37. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  13. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  14. «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023. 
  15. «Artskart: Blodmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  16. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  17. «eElurikkus: Dactylorhiza incarnata subsp. cruenta» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  18. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 6. februar 2023. 
  19. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 398. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 6. februar 2023. 
  20. «PoWO: Dactylorhiza × kerneriorum nothosubsp. ampolai». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  21. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata subsp. fuchsii blodnycklar × skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024. 
  22. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata subsp. maculata blodnycklar × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024. 
  23. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × majalis subsp. lapponica blodnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024. 
  24. «PoWO: × Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica». Plants of the World Online. Henta 26. januar 2023. 
  25. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea blodnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 20. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre