Folkestad i Volda

62°7′8″N 6°1′59″E / 62.11889°N 6.03306°E / 62.11889; 6.03306

Folkestad i Volda
stad
Folkestad, sett frå Volda
Land  Noreg
Kart
Folkestad i Volda
62°07′08″N 6°01′59″E / 62.1189°N 6.03306°E / 62.1189; 6.03306
Wikimedia Commons: Folkestad
MF «Folkestad» trafikkerer ferjesambandet Volda–Folkestad.
Foto: C. Hill, 2010

Folkestad er ei bygd og ein ferjestad i Volda kommune i Møre og Romsdal. Staden har om lag 300 innbyggjarar, og har barnehage, barneskule, ungdomsskule, idrettslag, korps, kor, daglegvarebutikk og ei seter.

Folkestad har ferjesamband med Volda. Dette ferjesambandet er ein del av riksveg 651, og var tidlegare del av Europaveg 39.[1] Riksveg 651 går frå Folkestad vidare sørover mot tidlegare Eid kommune. Fylkesveg 40 i Møre og Romsdal går frå Folkestad rundt Dalsfjorden til Lauvstad.

Natur og geografi endre

 
Utsyn over Folkestad

På Folkestad kan ein finne fjellturar som passar dei fleste, anten ein likar lette turar, eller noko meir utfordrande. Galten og Veten er ganske lette turar, der ei går mest bortover fjellryggane. Kyrthovudet er ein kort og lett tur frå Folkestadsetra. Blåfjellet (1065) og Setrehornet/Storetuva (826) er noko meir krevjande, men absolutt ikkje av dei vanskelegaste fjella å stige opp på.

Dersom ein køyrer til Sætra på Folkestad, kan ein følgje ein veg lenger opp i fjellet. Derifrå går ein langs fjellryggane i markert løype til ein kjem til ein stein som hallar ut ifrå fjellet. Då har ein komen til Galten. Følgjer ein fjellryggen vidare til enden av fjellet kjem ein til Kornbergveten. Blåfjellet/Sandhornet ligg på 1065 moh. Ein kan gå opp frå Folkestadsætra eller Lisjebødalen i Dalsbygda. Turen går i mose og mark, men endrar brått terreng til steinrøys.

Sætrehornet/Storetuva er ein fjelltopp på 826 moh, og 8,8 km. Du kan starte på Folkestadsætra eller Straumssætra. På Folkestadsetra er det eit hyttefelt som ligg på «Innaforsida», Flotesida «Uttaforsida» har eldre hytter som kan ha stått der i fleire hundre år. På setra ligg Folkestadvatnet med moglegheiter for fisking og bading. Rundt vatnet (på setra) går det ein grusveg, som er eit turmål for mange. Vegen blei sponsa av Mowi/Marine Harvest. Om vinteren kan vatnet fryse, og dersom isen er tjukkare enn 10 cm er det fullt mogleg å gå på skøyter. Mobildekninga på setra er varierande.

Frå Setra kan du gå fleire fjellturar som Kyrshovudet, Blåfjellet og Setrehornet/Storetuva. Fleire av skogane i området har eit breitt utval av sopp.

Kultur endre

Kulturhus endre

Folkestad har eit kulturhus, som blir nytta dagleg av anten musikkmiljøet på Folkestad (Folkestad Tonika, kor og kulturskule), idrettslaget (FIL) og til ulike tilstellingar.  Kulturhuset stod ferdig i 2004. Fleire kjende artistar, som til dømes Odd Nordstoga, Jan Eggum og Jo Nesbø har hatt førestillingar på kulturhuset. Børsen er kafèdelen på butikken på Folkestad. Dette er ein viktig møtestad for dei eldre på Folkestad.

Kulturbakkane endre

På Kulturbakkane ligg den restaurerte garden til Randi Lise Rønnestad. Garden blei opphavleg bygd i 1852, med naust, kvernhus, sommarfjøs, grindaløde med fjøs og utedo, gamlestove, nyestove, 12 mål innmark og 12 mål utmark[2]. Garden blir nytta til kulturelle arrangement, som framsyningar og kurs.  

Storerunda endre

«Storerunda» har vore eit årleg turarrangement sidan 2016. Turen går ut på å stige opp på opptil 10 fjelltoppar, frå Krumsvikhornet (534 moh.) til Kornbergsveten (577 moh.). Til saman ein tur på om lag 28,5 km, der ein samlar høgdemeter i overkant av 2200 meter.

Dokumentarfilm endre

Knut Sigve frå Folkestad er ein dokumentarfilm om Knut Sigve Sollid. Knut Sigve er ein funksjonshemma mann som har budd med mor si heile livet. Filmen viser korleis han må flytte ut då mor hans på 78 meiner ho ikkje klarer å ta godt vare på han meir. Den fekk prisen for beste dokumentarfilm under Den norske dokumentarfilmfestivalen og Gullruten for beste TV-dokumentar i 2011. Filmen viser at Knut Sigve har sterke følelsar for heimbygda, Folkestad, og kor vanskeleg det kan opplevast å flytte ut.

Historie endre

I Folkestadbygda er det gjort funn frå førkristen tid. Dei eldste funna kan daterast tilbake til steinalderen, medan andre er frå tidleg i jernalderen (600-talet til 1030).

Namnet Folkestad kjem frå det gamle mannsnamnet «Folki» og ordet «stad». Ordet «stad» tyder på at garden vart teken i bruk ein gong mellom år 500 og år 1000 e. Kr, medan mannsnamnet «Folki» gjer at ein kan datere garden til om lag 600-700. Bygdebokforfattar Per Aarviknes skriv: «Namnet Folkestad er først nemnt i skriftlege kjelder først på 1500-talet. Då er ein gard, Folkestad, nemnt i 'tiendepennings-skatten' frå 1520 - 21.»[3]

Dette er ei segn som handlar om svartedauden på Folkestad.

Follestad i Ørsta var det ein ung gut som levde over Svartedauden. Han såg ikkje andre folk, og ikkje rauk det frå noko hus, og difor tok han på vandring. Han tok vegen over Krøvelseidet og ned gjennom Vikebygda, men kvar han kom, var der ikkje liv å sjå. Kyrkja i Volda stod der øyde. Lufta var klår, og ingen vind bles. Han gjekk inn i kyrkja og ringde med klokka både vel og lenge, men tonane døydde vekk utan at nokon reagerte. Då han kom ut av kyrkja og såg seg om, såg han det steig røyk opp i frå ei stove på Flote i Folkestadbygda. Han fann seg ein båt og rodde over fjorden. Då han kom opp til Flote, sat der ei ung pen jente. Dei slo seg til der i lag, og dei skulle  ha mange etterkomarar.[3]

Noko av det viktigaste i dei gamle gardsbruka var dyrking av korn. Av dette kornet laga dei flatbrød, brød og graut. Nokre brygga òg øl. Når kornet var klart for innhausting brukte ein gjerne ein sigd.

Det er usikkert kor lenge det har vore seterdrift på Folkestad. Ifølge matrikkelen står det at frå 1723 er ingen av gardane nemnt med seter,  men i 1865 har alle gardane unntatt tre seter i Folkestaddalen. På 1800-talet var fisking ei viktig inntektskjelde for folkestadbygdingane.

Frå Folkestadbygda har det vore mange som har vorte rekrutterte inn i fyrvesenet. Nesten frå kvar gard var det ein eller fleire som jobba for fyrvesenet.

Før var det ferja «Kaulå»» som dreiv med transport av bilar, men etter kvart kom det ei ny ferje. Denne var privat, og den blei medlem i riksvegnettet 1935. I dag er det ferja Folkestad som står for overfarten mellom Volda og Folkestad, denne er driven av selskapet Norled.

Skulehistorie endre

Volda hadde mange skulekrinsar i 1780-åra. Størst var krinsen Krumsvik - Folkestad med heile 21 barn. Det første skulehuset i bygda vart bygt på Brenne og teken i bruk i 1866. Det vart nytta fram til 1904, då eit nytt skulebygg vart sett opp ved vegen ovanfor kyrkjegarden. I 1930 vart det huset ein i dag kallar «Gamleskulen» teke i bruk. I 1973 vart det bygd eit nytt skulebygg som vart brukt som ungdomsskule, og i 1980 sto andre byggetrinn frå skulen ferdig. I 2004 blei det tredje og siste byggetrinnet fullført og heile skulebygget stod klart og rommar i dag klasse 1-10. Per 2019 var det 65 elevar og 15 tilsette på skulen.[4]

Næring endre

Tradisjonelt har landbruk vore ein viktig næringsveg for Folkestad. I dag er det seks gardar i drift. Markane og Flote samdrift er godt synleg frå Volda. På Folkestad finn ein også oppdrettsnæring. Ved ferjekaia har Mowi, tidlegare Marine Harvest, eit av sine kontor/lokalitetar. Dei har oppdrettsanlegg for laks i Voldsfjorden.

Storelva har vore ein viktig næring for Folkestad. Det har vore ni vassdrivne kverner, ei sag, og i 1913 vart det bygd eit kraftverk i Storelva. Dette vart sett ut av drift i 1959. I 2006 opna det nye kraftverket Folkestad Kraftverk, som har ein årleg kapasitet på 1550 kw/t.

Nokre hundre meter frå ferjekaia ligg Coop marked, som er daglegvarebutikken på Folkestad. Dette er ein viktig samlingsstad for innbyggjarane i bygda. Butikken er lokalisert i den gamle bygninga til Brænne brus. Då Brænne brus vert oppretta 1915, produserte dei saft og syltetøy. For dei som leverte bær og frukt, var det ei viktig ekstrainntekt. Med tida voks Brænne brus og gjekk meir og meir over til produksjon av brus, og vart flytta til Volda kring 1999. Svært mange av innbyggjarane frå Folkestad og dei omkringliggande bygdene har hatt arbeid på fabrikken.

Bård og Jorun Lillefosse har drive Folkestad taxi i ei årrekke. Dei har mellom anna ansvar for delar av skuletransporten.  

Referansar endre

  1. «Prosjektbeskrivelse», Statens vegvesen (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 3. august 2021, henta 12. juli 2021 
  2. «Kulturbakkane | Trehesten» (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2019. 
  3. 3,0 3,1 Folkestad, Johann (1998). Folk og fortid i Folkestadbygd 1. Johann Folkestad. ISBN 82-994528-0-5. 
  4. «Skulehistorie». www.voldaskulen.no. Henta 20. februar 2019. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre