Skipsmodell som kyrkjeskip

(Omdirigert frå Votivskip)

Kyrkjeskip, av og til kalla votivskip, er skipsmodellar for utsmykking i ei kyrkje. I Danmark kan så mykje som annakvar kyrkje ha ein eller fleire skipsmodellar hengande - eller ståande. Skikken er òg vanleg i Noreg. Slike modellskip vert ofte kalla votivskip, sidan dei i visse tilfelle er gjevne som votivgåver. Eit meir folkeleg namn er kyrkjeskip, eit ord som elles vert bruka om sjølve kyrkjerommet.

«Christianus Quintus» i Holmens Kirke

Utbreiing endre

Kyrkjeskipa er kjende frå alle europeiske stader med tilknyting til havet, men ingen stader er tradisjonen meir levande enn i Danmark. Med utgangspunkt i den danske tradisjonen finn vi òg mange kyrkjeskip i område påverka av dansk kultur, spesielt i Nordtyskland og Sørslesvig, men òg i Holstein og i Noreg.

 
Fregatten «Jylland» i Kastelskirken

Historie endre

I Europa finst votivskip heilt frå 1400-talet, i Danmark skal dei ha dukka opp seinast på midten av 1500-talet. Dei eldste skipa som er bevart i Norden, er Galeonen i Storkyrkan i Stockholm (ca 1590), skipet i Mariakirken i Bergen (ca. 1610) og modellen i Ho kirke i Danmark (ca. 1605).

Sankt Mortens kirke i Randers har tre kyrkjeskip, det eldste, datert til 1632, førestiller orlogsskipet Randers. Dei to andre er Epeneser og Cecilie. Ingen stader er kyrkjeskipa meir populære enn på Fanø. Her har Sønderho kirke rekorden med 14 registrerte modellar, følgd av Nordby kirke med 9.

 
«Haabet» i De Gamles Bys Kirke

Den mest populære skipsmodellen i Danmark er fregatten «Jylland», som heng i over 30 danske kyrkjer. Det mest populære namnet registrert i databasen kirkeskipet.dk er «Haabet'»', som det er 75 av. Elles førekjem mytologiske namn som «Odin», «Juno» og især «Neptun'»' – namn som kan synest malplasserte i ei kristen kyrkje, og som difor mest truleg er henta frå originalen som skipet er ein modell av.

Forskarar vil ikkje bruke omgrepet votivskip om dei danske kyrkjeskipa, sidan få av desse skipa har vore votivgåver. Strengt tatt kan denne nemninga berre brukast når gjevaren har gjeve ein lovnad til sin Gud om at han vil gje gåva om han overlever ein sjukdom, eit skipsforlis eller ein annan livstruande situasjon. Eit døme på eit ekte votivskip på det danske Handels- og Søfartsmuseet er ei djunke som stammar frå eit kinesisk tempel som hadde fått det som eit votivgåve.

 
«Neptunus» i Davidskirken i København

Etter ein noko rommelegare definisjon av ordet votivskip, kan omgrepet brukast om skipsmodellar gjevne i takksemd av ein sjømann eller sjøreisande som har overlevd eit forlis, og som gjerne sjølv byggjer ein modell av det forliste skipet. Etter denne definisjonen finst det minst eitt ekte votivskip i Danmark, nemleg kutteren Jenny Skomager i Helligåndskirken i Hvide Sande. Den er både bygd og gjeven av ein sjømann som forliste i Austersjøen i desember 1961.

Symbolikk endre

Kyrkjeskipa er sjeldan votivgåver. Det finst mange forklaringar på kvifor skipa heng i kyrkjene:

  • Skipet er eit gammalt symbol for kyrkjelyden og kyrkja, som hjelper menneska på reisa over livsens hav. Merk det språklege samanfallet med omgrepet kyrkjeskip om forsamlingsrommet i kyrkjene, eit samanfall som òg er i latin.
  • Når somme kyrkjer har modellar av fleire skip, er det sannsynleg at folket på denne måten har meint å gje skipa velsigning og forbøn.
  • Skipet kan ha vore eit bilete på stordom, makt og verdiar. Derfor er skipet òg eit vanleg motiv i mange byvåpen.
  • Tilslutt er bruken forklart med at sjøfolk og andre reisande kan ha sett slike skip i kyrkjene i Europa, og tenkt at eit slikt må vi få oss i kyrkja heime. Om storfolket kunne donere dyre altertavler, kunne vanlege sjøfolk pynte kyrkjene med slikt husflidarbeid.

Det synest vere ein uskriven regel at kyrkjeskip alltid er gjevne som gåve – det er ikkje noko kyrkja berre kjøper seg.

Kyrkjeskip i Noreg endre

 
Orlogsskipet i Dolstad kyrkje
 
Elsfjord kyrkje har ein modell av ein nordlandsbåt til kyrkjeskip

Skikken med kyrkjeskip er ein del av den felles dansk-norske tradisjonen.

Kyrkjeskipet i Dolstad kyrkje er eit orlogsskip lensmann Petter J. Agerborg gav til kyrkja på 1760-talet. Skipet fører naturleg nok Dannebrog. Det finst ikkje tradisjon for at skipet kan vere nokon votivgåve. Derimot er det to segner som ikkje kan vere sanne, men som likevel på kvar sin måte dreg inn votivtanken: Etter ei segn vart kyrkjefolket ein preiksøndag overfalne av sjørøvarar. Før sjørøvarane kom seg unna, stemna eit orlogsskip inn Vefsnfjorden, og tok røvarane til fange slik at alt det dei hadde røva kom til rette. Etter den andre segna var det nokre samar på kyrkjeveg som var tekne til fange av bumenn nær Dolstad etter ein strid mellom dei. Samane stod i fare for å verte drepne då det kom eit orlogsskip inn fjorden, og skipet kom samane til unnsetning. Etter begge segnene vart kopien av skipet gjeven i takksemd av dei som på underfullt vis hadde fått hjelp frå skipet.

Konservering av kyrkjeskip endre

I Danmark bruker kyrkjedepartementet Handels- og Søfartsmuseet som konsulent ved reparasjon av gamle kyrkjeskip og når nokon vil kjøpe nye skipsmodellar til kyrkjene. I norske kyrkjer har Sjøfartsmuseet stått for rigging og oppussing av gamle kyrkjeskip.

Litteratur endre

Artikkelen er omsett frå Dansk Wikipedia den 30. april 2007, og supplert med opplysningar knytt til Noreg.

  • Pods, A. (1988). Kirkeskibe i Danmark og de tidligere hertugdømmer Slesvig og Holsten. Heinrich Müller Söhne.
  • Jacobsen, K. (1985). Dolstad kyrkje gjennom 250 år 1735-1985. Mosjøen: Vefsn Menighetsråd

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skipsmodell som kyrkjeskip