Waihi Beach
Waihi Beach er ein kystbusetnad heilt vest i havbukta Bay of Plenty på Nordøya på New Zealand. Han ligg ti km aust for byen Waihi, ved foten av Coromandelhalvøya. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 1 773.[3]
Waihi Beach | |||
busetnad | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Folketal | 2 100 (30. juni 2018) | ||
Waihi Beach 37°24′18″S 175°56′28″E / 37.405°S 175.941°E |
Maoriar har vore busette i området frå før-europeisk tid, og ein kan enno sjå ei rekkje pa innanfor nokre få km frå Waihi Beach. Europeisk busetnad tok for alvor til då det vart funne gull i området i 1870, men det var vanskeleg å koma til årene, og den einaste drivverdige gruva i området i mange år var den store Martha's Mine ved Waihi.
Waihi Beach og den nærliggjande vesle busetnaden Bowentown ved vestenden til hamna i Tauranga er populære feriestadar. Her ligg ei av dei sikraste havstrendene i landet, ei åtte km lang sandstrand.[4] Til saman ligg folketalet kring 1900. Bowentown har sin eigen BMX-bane som er open for alle, like ved ein populær fritidspark.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ Statistics New Zealand, arkivert frå originalen 15. september 2008, henta 16. juli 2008
- ↑ L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (September 2006). The Rough Guide to New Zealand (5. utg.). New York, London, Delhi: Rough Guides. s. 424. ISBN 1-84353-679-X.
37°24′S 175°56′E / 37.400°S 175.933°E