Waipa District
Waipa District Council i regionen Waikato på New Zealand omfattar Te Awamutu, Cambridge og fleire mindre byar. Distriktet sitt administrasjonssenter ligg i Te Awamutu. Like nord for distriktet ligg den største byen i regionen, Hamilton og distriktet Waikato. Mot aust dannar elva Waikato River det meste av grensa mot distrikta Matamata-Piako og South Waikato, og i sør ligg distriktet Otorohanga.
Waipa District | |||
distrikt | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 470,1 km² | ||
Folketal | 53 241 (6. mars 2018)[1] | ||
Waipa District 38°00′37″S 175°19′33″E / 38.010277777778°S 175.32583333333°E |
Det ligg fleire naturvernområde i distriktet, mellom anna det knapt 1 000 m høge fjellet Mount Pirongia og det knapt 800 m høge Mount Maungataurari. Innbyggjartalet i distriktet var i juni 2008 estimert til 44 700[2], der om lag 35% budde i kvar av dei to største byane. Flatevidda til distriktet er 1 473,47 km².
Økonomien i området er for ein stor del basert på mjølke-, frukt- og kornprodukjson. I det søraustre hjørnet i distriktet ligg vasskraftverka ved innsjøen Karapiro.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
- ↑ Statistics New Zealand «Subnational Population Estimates: 30. juni 2008», arkivert frå originalen 19. april 2009, henta 4. februar 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside til distriktsstyresmaktene
- Styresmaktene sin distriktsprofil Arkivert 2008-12-04 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Waipa-Distrikt» frå Wikipedia på tysk, og «Waipa District» frå Wikipedia på engelsk den 4. februar 2009.