Matamata-Piako District

Matamata-Piako District er eit distrikt (Terrotorial Authority) i regionen WaikatoNew Zealand. Det ligg aust for byen Hamilton.

Matamata-Piako District
Namn Matamata-Piako
Folketal 30 483[1]
Flatevidd 1 754,02 km²
Utbreiing Te Aroha til Tirau;

Cambridge til Kaimai Ranges

Distriktet omfattar den sørlege delen av Hauraki Plains og mykje av Thames Valley, og grensar i aust til Kaimai Ranges. Elvene Piako og Waihou renn gjennom distriktet.

Byane Matamata, Morrinsville og Te Aroha ligg alle i distriktet, og distriktsstyret har sete i Matamata. Dei viktigaste næringsvegane er mjølkeproduksjon og oppdrett og trening av fullblodshestar.

Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 30 483, av desse budde 6 606 i Morrinsville, 6 309 i Matamata og 3 768 i Te Aroha[1].

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 [1][daud lenkje] Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.