Mathangi «Maya» Arulpragasam (fødd 18. juli 1975) betre kjent under artistnamnet M.I.A., er ein britisk musikar og musikkprodusent av srilankisk tamilsk opphav. Den mangearta musikken hennar har trekk frå hip-hop, elektronika, dance, avant-garde, alternativ og verdsmusikk, og tek ofte opp politiske tema.

M.I.A.
MIA front face.jpg
M.I.A. i 2009.
Fødd18. juli 1975 (46 år)
FødestadMitcham i London i Stobritannia
FødenamnMathangi Arulpragasam (tamil மாதங்கி 'மாயா' அருள்பிரகாசம்)
AliasMaya, M.I.A.
OpphavSri Lanka, Storbritannia
Aktiv1999–
Sjangeralternative music, Indie, dansemusikk, elektronisk musikk, pop
InstrumentPerkusjon, vokal
PlateselskapInterscope Records, XL Recordings, Roc Nation, Polydor Records, Mercury Records, N.E.E.T. Recordings, Virgin EMI Records
Verka somskodespelar, modell, rappar, fotograf, kunstmålar, komponist, musikkprodusent, låtskrivar, singer-songwriter, musikkvideoregissør, aktivist, biletkunstnar, motedesigner
FarArul Pragasam
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

M.I.A. er blitt nominert til ein oscarpris, tre grammyprisar og til Mercury-prisen.

M.I.A. i 2007.

M.I.A. er mellom anna kjend for songane «Galang», om livet i multikulturelle London, «Sunshowers», som tek opp terrorisme og inndelinga av verda i «godt» og «vondt», «Boyz», «Born Free» og «Paper Planes». Sistnemnde var med i filmen Slumdog Millionaire og blei Oscar-nominert for beste originale song.[1] Ho blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2019 for bidraga sine til musikk.[2]

M.I.A. er også biletkunstnar og moteskapar. Hennar første biletutstilling, på Portobello Road, blei nominert til den alternative Turnerprisen i 2002. Utstillinga omfatta graffitikunst og spraymåla bilete og blanda tamilsk politisk gatekunst med liv og konsumerisme i London. M.I.A. har også verka som moteskapar gjennom eigne senekostyme og kledelinja «Okley Run».

Gjennom heile karrieren sin har M.I.A. teke opp spørsmål rundt menneskerettsbrot, rettane til grupper som afroamerikanarar, palestinarar og tamilar på Sri Lanka. Ho har skulda dei srilankiske styresmaktene for systematisk folkemord, og er sjølv blitt skulda for å støtta Dei tamilske tigrane.

M.I.A. er dotter av Arul «Arular» Pragasam, ein tamilsk aktivist, og Kala, som stort sett sytte for henne og to sysken åleine. M.I.A. vart fødd i London men voks opp på Sri Lanka og India før mora og borna flykta til England i 1986. Som vaksen har M.I.A. budd i New York og Los Angeles i USA. Ho er forlova med Benjamin Zachary Bronfman, og dei fekk ein son saman i 2009.

UtgjevingarEndra

  • Arular (2005)
  • Kala (2007)
  • Maya (2010)
  • Matangi (2013)
  • AIM (2016)

KjelderEndra

  1. «Nominees for the 81st Academy Awards – Academy of Motion Picture Arts & Sciences». Academy Awards. Oscars.org. 22. januar 2009. Henta 23. august 2010. 
  2. «London Gazette». 8. juni 2019. s. B15.