Opna hovudmenyen
What's Love Got to Do with It
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side «Don't Rush the Good Things» (UK) «Rock and Roll Widow» (US)
Utgjeve 4. juni 1984
Innspelt 1984
Sjanger Pop, R&B
Lengd 3:48
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Terry Britten, Graham Lyle
Produsent Terry Britten
Tina Turner-kronologi
«Help!»
(1984)
What's Love Got to Do with It «Better Be Good to Me»
(1984)


«What's Love Got to Do with It» er ein song spelt inn av den amerikanske songaren Tina Turner og gjeve ut i 1984. Songen vart henta frå det femte soloalbumet hennar, Private Dancer og vart den mest suksessrike singelen hennar.

Sjølv om Turner alt hadde hatt hittar på britiske topp 10 og amerikanske topp 30 nokre månader tidlegare med utgåva hennar av «Let's Stay Together», vart «What's Love Got To Do With It» den første og einaste songen hennar som nådde toppen av singellista i USA. Songen er rangert på 309. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg rangert på 38. plassn på lista Songs of the Century. Han var den 17. mestseljande singelen i Storbritannia i 1984. I 1993 vart songtittelen nytta som namn på biografifilmen om livet til Turner.

Songen vart nytta i ein episode av Miami Vice.

I 2012 vart «What's Love Got to Do with It» innlemma i Grammy Hall of Fame[1] og gav Turner hennar tredje Grammy Hall of Fame og 11. Grammyprisen totalt.

BakgrunnEndra

Songen vart skriven av Terry Britten og Graham Lyle, som opphavleg tilbaud songen til Cliff Richard, men vart avslått. Han vart så gjeven til Phyllis Hyman, som ønskte å spele inn songen, men sjefen i Arista Records, Clive Davis let ho ikkje gjere dette. Songen vart så tilbode til Donna Summer, som har sagt at ho sat med songen nokre år utan å spele han inn.[treng kjelde] Nokre månader før Turner spelte inn songen, vart songen tilbode til den britiske popgruppa Bucks Fizz. Jay Aston ønskte å synge solo på songen etter å ha høyrt demoen, men vart fortalt at songen ikkje høvde for ein kvinneleg solovokal. Gruppa spelte inn songen i februar 1984, men vart då sungen av det mannlege medlemmet Bobby G.[2] Aston hugsar at demoen var særs lik den seinare Tina Turner-versjonen, men deira versjon var annleis.[3] Han var meint for det neste albumet deira, I Hear Talk, men vart skrinlagt då Turner gav ut versjonen sin først. Bucks Fizz-versjonen vart først gjeven ut då Are You Ready kom ut på ny i 2000.

ListerEndra

Før «What's Love Got to Do with It», hadde ikkje Tina Turner hadde ein singel inne på topp 10 i USA sidan tidleg i 1970-åra. Singelen nådde toppen av lista[4]Billboard Hot 100 og låg der i tre veker. Dette vart den første og einaste singelen hennar som gjekk til topps i Amerika. Singelen nådde tredjeplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa hennar der. Turner var 44 år gammal då songen nådde hitlistene, og ho var på den tida den eldste kvinnelege soloartisten som hadde oppnådd ei topplassering i USA. Grace Slick, som er ein månad eldre enn Turner, nådde toppen av lista i 1985 og 1987 med høvesvis «We Built This City» og «Nothing's Gonna Stop Us Now», som medlem av Starship. I 1999 vart Cher, då 53 år gammal, den eldste kvinna som har nådd toppen av singellista i USA med songen «Believe».

Versjonar og miksarEndra

  • Albumversjonen – 3:48
  • Extended Remix – 5:43

MusikkvideoEndra

Musikkvideoen syner video Turner som går ned ei gate og kjem i kontakt med folk, med scener der ho syng direkte til kameraet. Videoen vart filma i New York City våren 1984. I musikkvideoen kan ein sjå Sleepaway Camp 2-medlemmet Pamela Springsteen, syster til Bruce Springsteen, som gatedansar. Videoen vart regissert av Mark Robinson.

PrisarEndra

Songen fekk tre prisar under Grammyprisen i 1985: Årets singel, årets song og beste popsong av ei kvinne. Konsertversjonen til Turner av songen under showet vart gjeve ut i 1994 på albumet Grammy's Greatest Moments Volume I.[5]

Musikkvideoen fekk pris for beste kvinnelege video under MTV Video Music Awards i 1985.

I 2012 vart «What's Love Got to Do with It» innlemma i Grammy Hall of Fame.

Lister og salstroféEndra

VekeslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 20
Canada Top Singles (RPM)[9] 1
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[10] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[11] 19
Frankrike (SNEP)[12] 21
Tyskland (Official German Charts)[13] 7
Irland (IRMA)[14] 4
Italia (Hit Parade Italia)[15] 21
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 10
New Zealand (RIANZ)[17] 3
Noreg (VG-lista)[18] 10
Spania (PROMUSICAE)[19] 6
Sverige (Sverigetopplistan)[20] 4
Sveits (Schweizer Hitparade)[21] 8
UK Singles (Official Charts Company)[22] 3
US Billboard Hot 100[23] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[24] 8
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[25] 21
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[25] 2

ÅrslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 22
Canada Top Singles (RPM)[26] 3
Tyskland (Official German Charts)[27] 35
Italia (Hit Parade Italia)[28] 100
New Zealand (Recorded Music NZ)[29] 13
Nederland (Single Top 100)[30] 76
UK Singles (Official Charts Company)[31] 20
US Billboard Hot 100[32] 2
US Adult Contemporary (Billboard)[32] 50
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[32] 3

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[33] Platina 100,000^
Storbritannia (BPI)[34] Sølv 250 000^
USA (RIAA)[35] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

TiårslisterEndra

Tiår (1980–1989) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 20

Warren G-versjonenEndra

What's Love Got to Do with It
Singel av Warren G med Adina Howard
frå albumet Supercop
Utgjeve 3. september 1996
Innspelt 1996
Sjanger Hip hop
Lengd 4:17
Selskap MCA/Interscope
Låtskrivar(ar) Terry Britten, Graham Lyle, Warren Griffin
Produsent Warren G
Warren G-kronologi
«Do You See»
(1994)
What's Love Got to Do with It «I Shot the Sheriff»
(1997)


«What's Love Got to Do with It» vart òg spelt inn av den amerikanske artisten Warren G med Adina Howard for Supercop. Songen både sampla og interpolerte refrenget til Tina Turner-songen frå 1984, men Warren G erstatta den originale teksten med sin eigen. «What's Love Got to Do with It» vart ein hit og klatra til 32. plassen på Billboard Hot 100, og vart den tredje singelen til Warren G på topp 30. Songen nådde femteplassen på Hot Rap Singles-lista. Songen vart enno meir populær i Storbritannia der han nådde andreplassen på UK Singles chart.

MusikkvideoEndra

Ein musikkvideo regissert av Joseph Kahn vart produsert for å marknadsføre singelen. Han syner bilete av Warren G og Adina Howard som syng songen, med klipp frå filmen Police Story 3: Super Cop.

SingelEndra

A-SideEndra

  1. "What's Love Got to Do with It?» (Album Version)- 4:17
  2. "What's Love Got to Do with It?» (Clean Radio Version)- 4:17

B-SideEndra

  1. "What's Love Got to Do with It?» (Acapella)- 4:15
  2. "What's Love Got to Do with It?» (Instrumental)- 4:15

ListerEndra

Illegal chart entered Flanders Tip|11
Liste(1996) Plassering
Australia (ARIA)[36] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[37] 5
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[38] 29
Finland (Suomen virallinen lista)[39] 14
Frankrike (SNEP)[40] 9
Tyskland (Media Control AG)[41] 3
Ireland (IRMA) 7
Italia (FIMI)[42] 14
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[43] 9
New Zealand (RIANZ)[44] 1
Noreg (VG-lista)[45] 7
Sverige (Sverigetopplistan)[46] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[47] 6
UK Singles (The Official Charts Company) 2
Billboard Hot 100 32
Billboard Hot R&B / Hip-Hop Songs 36
Billboard Hot Rap Singles 5
Billboard Rhythmic Top 40 27

Andre versjonarEndra


KjelderEndra

  1. «GRAMMY Hall Of Fame». GRAMMY.org. Henta 19. april 2015. 
  2. Are You Ready re-issue sleeve notes, October 2000
  3. «The Original Bucks Fizz in conversation - official site». Theoriginalbucksfizz.org. Henta 22. april 2016. 
  4. «Tina Turner Music News & Info». Billboard. Henta 22. april 2016. 
  5. «Grammy's Greatest Moments, Volume 1: Forskjellige artistar». Amazon.com. Henta 22. april 2016. 
  6. 6,0 6,1 David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. "Tina Turner – What's Love Got to Do with It – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  8. "Ultratop.be – Tina Turner – What's Love Got to Do with It" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta September 17, 2015.
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved September 17, 2015.
  10. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved September 17, 2015.
  11. «Singlet 1984-10 lokakuu» (på Finnish). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta September 17, 2015. 
  12. "Lescharts.com – Tina Turner – What's Love Got to Do with It" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  13. «Tina Turner - Top Titel» (på German). GfK Entertainment. Henta September 17, 2015. 
  14. "The Irish Charts – Search Results – Whats Love Got to Do with It". Irish Singles Chart. Retrieved September 17, 2015.
  15. «Indice per Interprete: T». Hit Parade Italia. Henta September 17, 2015. 
  16. "Dutchcharts.nl – Tina Turner – What's Love Got to Do with It" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta September 17, 2015.
  17. "Charts.org.nz – Tina Turner – What's Love Got to Do with It". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  18. "Norwegiancharts.com – Tina Turner – What's Love Got to Do with It". VG-lista. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  19. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  20. "Swedishcharts.com – Tina Turner – What's Love Got to Do with It". Topp 60. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  21. "Tina Turner – What's Love Got to Do with It – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta September 17, 2015.
  22. "Chart Stats – Tina Turner – What's Love Got to Do with It" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta September 17, 2015.
  23. "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta September 17, 2015.
  24. "Turner?f=341&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta September 17, 2015.
  25. 25,0 25,1 «Tina Turner Awards». AllMusic. Henta September 17, 2015. 
  26. «Top 100 Singles of 1984». RPM. January 5, 1985. Henta September 17, 2015. 
  27. «Top 100 Single-Jahrescharts 1984» (på German). GfK Entertainment. Henta September 17, 2015. 
  28. «I singoli più venduti del 1984». Hit Parade Italia. Henta September 17, 2015. 
  29. «Top Selling Singles of 1984». RIANZ. Henta September 17, 2015. 
  30. «Jaaroverzichten - Single 1984» (på Dutch). Hung Medien. Henta September 17, 2015. 
  31. Scaping, Peter, red. (1984). «Top 100 singles: 1983». BPI Year Book 1984. British Phonographic Industry. s. 42–43. ISBN 0-906154-04-9. 
  32. 32,0 32,1 32,2 «The Year in Music: 1984» (PDF). Billboard. December 22, 1984. Henta September 17, 2015. 
  33. «Canadian single salstrofé – Tina Turner – What's Love Got to Do with It». Music Canada. 
  34. «British single salstrofé – Tina Turner – What's Love Got to Do with It». British Phonographic Industry.  Enter What's Love Got to Do with It in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  35. «American single salstrofé – Tina Turner – What's Love Got to Do with It». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  36. "Australian-charts.com – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  37. "Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  38. "Ultratop.be – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  39. "Finnishcharts.com – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  40. "Lescharts.com – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  41. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  42. «Hit Parade Italia - Indice per Interprete: W». Hit Parade Italia. Henta July 6, 2012. 
  43. "Nederlandse Top 40 – Warren G feat. Adina Howard search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  44. "Charts.org.nz – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It". Top 40 Singles. Hung Medien.
  45. "Norwegiancharts.com – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It". VG-lista. Hung Medien.
  46. "Swedishcharts.com – Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It". Topp 60. Hung Medien.
  47. "Warren G feat. Adina Howard – What's Love Got to Do with It – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  48. Allmusic - Sylvia Tella version
  49. Allmusic - What's Love? A Tribute to Tina Turner