What’s Another Year

«What’s Another Year»
Song av Johnny Logan

Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 1980
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:08
Selskap Epic[1]
Komponist Shay Healy
Tekstforfattar Shay Healy
Låtskrivar(ar) Shay Healy

«What’s Another Year» (norsk 'kva betyr vel eit år til?') er ein engelskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1980 for Irland. Songen vart framført av Johnny Logan og var skriven av Shay Healy. Dette var den andre sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og Logan sin fyrste. «What’s Another Year» vart ein stor kommersiell suksess over heile Europa, og han toppa singellistene i heile elleve land – inkludert Noreg.[2][3] Johnny Logan klarte likevel ikkje å følgje opp suksessen – før han vann tevlinga igjen i 1987 med «Hold Me Now» og deretter som låtskrivar i 1992 med «Why Me?».

Bakgrunn endre

Låtskrivaren Shay Healy tilbaud fyrst songen til den irske countrysongaren Glen Curtin, men han takka nei. I staden gjekk tilbodet til Logan, og den irske musikaren Bill Whelan gjorde om på arrangementet til songen, slik at det passa bedre til den mjuke songstilen til Logan.[4] Whelan komponerte for øvrig senere «Riverdance» til pauseunderhaldninga under Eurovision Song Contest 1994 i Dublin.

«What’s Another Year» vart plukka ut til å delta i den irske finalen i Dublin 9. mars 1980. Der vann songen ein overlegen siger og vart dimed det irske bidrag til den internasjonale finalen i Haag laurdag 19. april 1980.[5]

Eurovision Song Contest endre

I Eurovision Song Contest i Haag var «What’s Another Year» det 17. bidraget ut på scena av 19 bidrag. Med seg på scena hadde Logan tre koristar og den skotske musikaren Colin Tully som spelte saksofon.

På førehand var Irland og Italia, med Alan Sorrenti og songen «Non so che darei», dei største favorittane. Men under avrøystinga tok Irland etter kvart leiinga og vann med 143 poeng, 15 poeng foran Tyskland på andreplass. Italia vart nummer seks. I avrøystinga fekk «What’s Another Year» 12 poeng frå sju land, blant anna frå den norske juryen.[6]

Då sigeren var eit faktum, vart Johnny Logan overvelda av kjensler, og under vinnarframføringa felte han fleire tårer. Mot slutten av songen sa også: «Eg elskar deg, Irland» – noko han også skulle gjenta då han vann igjen sju år etter.

 
Johnny Logan hevar sigerstroféet etter å ha vunne Eurovision Song Contest. Til venstre står låtskrivaren Shay Healy

Etter Eurovision-sigeren endre

«What’s Another Year» gjorde stor suksess etter Eurovision Song Contest og toppa hitlistene i elleve land.[2] Også i Noreg toppa songen VG-lista og låg på topp åtte veker på rad.[3]

Johnny Logan makta ikkje å lansere ein like suksessrik karriere i kjølvatnet av sigeren, men han gjorde stor suksess i Eurovision Song Contest. I 1984 vart han nummer to som låtskrivar, og i 1987 vann han som låtskrivar og songar med «Hold Me Now». I 1992 fekk han sin tredje siger som låtskrivar for «Why Me?».

I 2005 deltok også «What’s Another Year» i 50-årsjubileumsshowet til Eurovision Song Contest. Der var songen ein av 14 som tevla om å bli tidenes Eurovision-låt. ABBAs «Waterloo» vann, mens «What's Another Year» kom på tolvteplass.[7]

Om songen endre

Songteksta kan tolkast som ei rein kjærleikstekst, der Logan utrøytteleg ventar på at draumejenta skal bli forelska i han. Men låtskrivaren Shay Healy skreiv teksta etter å ha mista mora, og songen skulle vere ei trøyst til far hans.[2] Tapet av mora og kona kjem også fram i teksta, blant anna i strofa: «Kva er vel eit år til, for ein som held på med å bli vand med å vere åleine?»[8]

Logan spela også inn ein tysk versjon av songen, «Was ist schon ein Jahr», som blei gjeven ut i Vest-Tyskland.[9] Shane MacGowan i The Pogues spela også inn ein coverversjon på albumet A Song for Eurotrash i 1998.[10]

Listeplasseringar endre

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] 5 14 1. juni 1980
  Belgia, Flandern (Ultratop)[12] 1 11 3. mai 1980
  Frankrike (IFOP)[13] 5 18 2. mai 1980
  Irland (Irish Singles Chart)[14] 1 10 30. april 1980
  Nederland (Single Top 100)[15] 6 9 10. mai 1980
  Noreg (VG-lista)[3] 1 12 Veke 19 1980
  Storbritannia (UK Singles Chart)[16] 1 8 3. mai 1980
  Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 2 10 4. mai 1980
  Sverige (Sverigetopplistan)[18] 1 9 16. mai 1980
  Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[19] 2 24 12. mai 1980

Referansar endre

  1. «Johnny Logan ‎– What's Another Year». discogs.com. Henta 20. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Kutner, Jon (2005). «Song number 458». 1000 UK Number One Hits. Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-360-2. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «VG-lista for 'What's Another Year'». VG Nett. Henta 20. februar 2017. 
  4. Lea, Tony Clayton (8. august 2009). «Golden boy, forgotten man». The Irish Times. 
  5. «Irish National Final 1980». National Finals Page. Henta 20. februar 2017. 
  6. «Eurovision Song Contest 1980 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 20. februar 2017. 
  7. «Congratulations Show». eurovision.tv. Henta 20. februar 2017. 
  8. «What's Another Year – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 20. februar 2017. 
  9. «Johnny Logan ‎– Was Ist Schon Ein Jahr». discogs.com. Henta 20. februar 2017. 
  10. «Various ‎– A Song For Eurotrash». discogs.com. Henta 20. februar 2017. 
  11. Hung, Steffen. «Johnny Logan – What's Another Year». austriancharts.at. Henta 20. februar 2017. 
  12. «What's Another Year – Ultratop». ultratop.be. Henta 20. februar 2017. 
  13. «Velg bokstaven L og søk 'Johnny LOGAN' i nedtrekksmenyen». InfoDisc.fr. Henta 20. februar 2017. 
  14. http://www.fireballmedia.ie, Jaclyn Ward - Fireball Media Group -. «The Irish Charts – All there is to know (søk What's Another Year i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 20. februar 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Johnny Logan – What's Another Year». dutchsingles.nl. Henta 20. februar 2017. 
  16. «What's Another Year – chart history». Official Charts Company. Henta 20. februar 2017. 
  17. Hung, Steffen. «Johnny Logan – What's Another Year – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 20. februar 2017. 
  18. «Johnny Logan – What's Another Year (song)». hitparad.se. Henta 20. februar 2017. 
  19. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'What's Another Year' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 20. februar 2017.