What God Wants, Part I

What God Wants, Part I
Singel av Roger Waters
frå albumet Amused to Death
Utgjeve 24. august 1992
Innspelt 1992
Sjanger Progressiv rock
Lengd 6:00
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Roger Waters
Roger Waters-kronologi 
«The Tide Is Turning (Live in Berlin)»
(1990)
What God Wants, Part I «The Bravery of Being Out of Range»
(1992)


«What God Wants, Part I» er den første i ein seie songar skriven og gjeven ut av den tidlegare Pink Floyd-medlemmen Roger Waters. Songen kom ut på den tredje soloplata hans, Amused to Death. «What God Wants» er delt i tre delar, på liknande måte som Pink Floyd-songen «Another Brick in the Wall[1] Berre «What God Wants Pt. 1» vart gjeven ut på singel. Jeff Beck spelar gitar på songen. Denne delen av songen omhandlar den motstidande dualiteten og hykleriet som Waters oppfatta i dogmatisk religion og makta denne har over menneske. Dei følgjande partane, i lag med andre songar på albumet, omhandlar tilbeding, ikkje berre i religion, men òg i forhold til materialisme og forbruk. I lag danna dei eit synspunkt på makta overforenkla konformitet har, der folk sluttar seg til noko ikkje berre ut frå vilje, men ut frå underkasting.

Video endre

Det vart laga ein musikkvideo til singelen der gorillaer ser på TV, og animert sekvens der skjelettet av ein frosk plukkar ost frå ei musefelle, før han får støyt på ein elektrisk leidning og smeltar saman med osten til eit fjernsynsapparat. Videoen vart regissert av Tony Kaye og produsert av Sarah Whistler.

Medverkande endre

Radio 1 endre

BBC Radio 1 nekta å spele singelen fordi det var ein for «ømfintleg» song. Dette gjorde Waters sint.

Kjelder endre

  1. «Pink Floyd and Company - Roger Waters Interviews». Pinkfloyd-co.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2000. Henta 17. juli 2019.