Another Brick in the Wall
Another Brick in the Wall Singel av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 10:26 (alle delar) 3:15(part I) 4:00(part II) 1:11(part III) | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Have a Cigar» (1975) |
Another Brick in the Wall | «Comfortably Numb» (1979)
|
«Another Brick in the Wall» er tittelen på tre songar av Pink Floyd, som inneheld små variasjonar av det same musikalske temaet. Songane vart gjevne ut på albumet deira The Wall frå 1979, og hadde undertitlane «Part I», «Part II» og «Part III», og alle er skrivne av Roger Waters.
«Part II» er nok den mest kjende av desse, og vart ein stor hit i 1980. Songen inneheld den kjende tekstlinja «We don't need no education». Singelen gjekk til topps både i Europa og USA, og i Storbritannia var det den første singelen deira sidan 1968. Songen er ein protestsong mot strenge skulesystem, og særleg kostskular. Derfor vart songen forboden i fleire land.
Pink Floyd trong ein skuleklasse til å synge på «Part II», og spurte Alun Renshaw på den lokale skulen Islington Green i nærleiken av studioet deira Britannia Row Studios. Koret vart tatt opp tolv gongar og lagt oppå kvarandre, for at koret skulle virka mykje større enn det var. Skulen fekk 1000 pund for jobben, og det vart ikkje avtalt noko vidare honorar. I 1996 saksøkte derimot heile koret Pink Floyd, og kvart medlem fekk rundt 500 pund kvar.
Pink Floyd vart nominert til ein Grammy Award for «Part II» i klassen Beste musikkstykket av ein rockeduo eller gruppe, men tapte for Bob Seger-songen «Against the Wind».
I 1980 vart songen brukt som ein protestsong av mørkhuda studentar under «Elsie’s River»-opprøret i Sør-Afrika, der dei protesterte mot rasistisk propaganda og fordommar i det offisielle pensumet. 2. mai 1980 vart songen forboden av regjeringa.
Konsept
endrePart I
endreKomposisjon
endreDel ein av songen er roleg og inneheld ein lang og dempa gitarsolo. Vokalen er rolegare enn på dei to andre delane, sjølv om slutten av vokalpartiet aukar litt i volum. Denne delen inneheld ikkje trommer.
Plott
endreThe Thin Ice, den tynne isen, frå songen før «Part I» bryt når hovudpersonen Pink vert eldre og får vite om dødsfallet til faren. Pink vert ute av seg når han skjønar dette og byrjar å bygge muren rundt seg (The Wall).
Filmversjonen
endreEin ser mora til Pink som ber i kyrkja, etter at ektemannen hennar har døydd i krigen. Pink skjønar ikkje noko av dette på denne tida og leikar med leikeflyet sitt. Songen held fram med at Pink leikar i ein park, medan mora går for å handle varer. Pink ser ein mann som hjelp han opp på eit leikeapparat, og Pink føler at dette kunne ha vore faren hans. Pink følgjer etter mannen og son hans, og forstår ikkje kvifor mannen ikkje gjev han meir merksemd. Han tar tak i handa til mannen, men vert jaga bort. Han prøver å holde mannen i handa igjen, men vert igjen jaga bort, før han sørgjeleg går og set seg på ei huske.
Part II
endreKomposisjon
endrePå albumversjonen av The Wall glir «Part II» over frå det fjerde sporet «The Happiest Days of Our Lives» med eit skrik av Roger Waters (desse skrika var eit av Waters sine varemerke, truleg mest kjend på «Careful with That Axe, Eugene»). På radio vert desse to songane ofte spelt etter kvarandre på grunn av måten dei glir over i kvarandre på. Songen har ein kraftig rytme og karakteristiske gitarparti i bakgrunnen med ein glatt, og likevel skarp gitarsolo. Songen inneheld òg det nemnde skulekoret på leiande vokal i fleire delar av songen, og som bakgrunnsvokal i andre delar. Mot slutten av songen kan ein høyre ein lærar som skrik med skotsk aksent «Wrong, do it again» etterfølgd av «If you don't eat your meat, you can't have any pudding! How can you have any pudding if you don't eat your meat?», og til slutt «You... Yes, you behind the bike shed... stand still laddie!», før ein høyrer ungar som ropar og skrik på det som høyrest ut som ein leikeplass. Ein kan òg høyre eit svakt linjesignal frå ein telefon heilt på slutten.
Singelutgåva av songen har ein litt anna intro, med eit par taktar med berre trommer før resten av songen set i gang.
Handling
endreElevane på Pink sin skule byrjar å protestere mot dei mishandlande lærarane sine. Dette fører til at Pink vert meir isolert frå omverda. Enno ei brikke i muren.
Filmversjonen/Musikkvideoen
endreEtter hendingar i «The Happiest Days of Our Lives» byrjar Pink å dagdrømme i timane, og han ser for seg mange elevar som marsjerer mot ein stor maskin, før dei kjem ut på andre sida av maskinen kledd i like masker sittande ved skulepultar. Så ser ein elevane som marsjerer gjennom korridorane på ei rekkje. Ein kan så sjå læraren i midten som skrik og kommanderer. Under refrenget ser ein eit kor av elevar som syng refrenget. Så er det tilbake til læraren som kommanderer litt meir, og Pink som får kjeft av læraren. Mot slutten av songen marsjerer elevane mot ein stor kjøtkvernliknande metallkasse, som dei dett oppi ein etter ein, før ein ser at dei kjem ut av kverna som ein kjøttdeigliknande masse, eit symbol på å vere «tilpassa samfunnet». Under den siste gitarsoloen bryt elevane ut, tar til seg brannøkser og øydelegg stolar og pultar. Enkelte elevar har sleggjer som dei slår ned veggane med. Heilt mot slutten står skulen i brann, store bål krinsar skuleplassen og ein kan sjå elevar som ber vekk læraren. Ein kan så sjå Pink som sit ved pulten sin og dagdraumar igjen.
Før filmen kom ut hadde den første videoen studentar som spring rundt på leikeplassen med den store oppblåste dokka av læraren frå The Wall-konsertane hengjande over seg. Her vart det òg brukt nokre animerte klipp, som vart brukt i «The Trial», og desse klippa var regissert av Gerald Scarfe.
Part III
endrePink vel å gjere ferdig muren som eit resultat av raseriutbrotet hans etter at kona var utru mot han. Han konkluderer med at han «ikkje treng noko i det heile tatt» og ser berre på personane i livet sitt som «klossar i muren».
Salslister og salstrofé
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Sal og salstroféendre
|
Medverkande
endrePersonell per The Pink Floyd Encyclopedia.[37]
Part I
- Roger Waters – solovokal, bass
- David Gilmour – gitar, harmonivokal
- Richard Wright – Prophet-5 synthesiser, Minimoog
Part II
- Roger Waters – bass, vokal (unisont med Gilmour)
- David Gilmour – gitar, vokal (unisont med Waters)
- Nick Mason – trommer
- Richard Wright – Hammondorgel, Prophet-5 synthesiser
- Elevar ved Islington Green School (organisert av Alun Renshaw) – vokal
Part III
- Roger Waters – bass, vokal, rytmegitar
- David Gilmour – sologitar
- Nick Mason – trommer
- Richard Wright – Prophet-5 synthesiser
Korn-versjonen
endreAnother Brick in the Wall, Pts. 1–3 Singel av Korn frå albumet Greatest Hits, Vol. 1 | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 2004 | |
Innspelt | 2004 | |
Sjanger | Alternativ metal | |
Lengd | 7:08 | |
Selskap | Epic | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Produsent | ||
Korn-kronologi | ||
---|---|---|
«Word Up!» (2004) |
Another Brick in the Wall, Pts. 1–3 | «Twisted Transistor» (2005)
|
Nu metal-bandet Korn spelte alle tre delane i lag med «Goodbye Cruel World» i 2004 for samlealbumet Greatest Hits, Vol. 1. Songen kom ut på singel og nådde 37. plassen på Alternative Songs-lista og 12. plassen på Mainstream Rock-lista i USA. Det var den siste Korn-singelen som vart spelt inn med den originale besetninga, sidan Brian Welch slutta i 2005.[38][39] Ein live musikkvideo vart laga for å marknadsføre singelen, regissert av Bill Yukich.[40]
Will Levith frå Ultimate Classic Rock kalla versjonen til Korn «ein av dei verste coverversjonane av ein classic rock-song gjennom tidene.»[41] Jason Birchmeier frå AllMusic skilda han som «overanstrengt, likevel å ein forførande måte».[42]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Another Brick in the Wall» | 7:08 |
Salslister
endreListe (2004) | Plassering |
---|---|
US (Billboard) Alternative Songs[43] | 37 |
US (Billboard) Mainstream Rock[44] | 12 |
Medverkande
endre- Jonathan Davis - vokal
- James «Munky» Shaffer - sologitar
- Brian «Head» Welch - rytmegitar
- Reginald «Fieldy» Arvizu - bass
- David Silveria - trommer
Andre versjonar
endre- I 1980 laga Barron Knights ein humoristisk versjon som ein del av ein julesingel kalla «Never Mind the Presents» med tekstlinja «Hey, Santa, leave the booze alone».
- I 1998 vart «Part II» spelt av «Class of ’99» for filmen The Faculty. Ein coverversjon av «Part I» var og ein del av filmmusikken.
- På slutten av songen «Revelation» frå bandet D12 sitt album Devil’s Night kan ein høyre «How can you have any pudding if you don't eat your meat??!!».
- Bandet Dirty Vegas brukte eit utdrag av «Part II» i songen sin «Simple Things, Part 2».
- Popgruppa Girls Aloud hadde ein del av «Part II» i introduksjonen til songen sin «No Good Advice» på konsertar i 2005.
- Humorgruppa Richard Cheese and Lounge Against the Machine spelte «Part II» på albumet sitt The Sunny Side of the Moon: The Best of Richard Cheese frå 2006.
- Eric Prydz hadde ein remix av «Part II» som ein del av singelen «Proper Education». Sporet var kredittert til «Eric Prydz vs. Floyd».
Kjelder
endre- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- ↑ «The biggest hits that never made No. 1 in Australia». Daily Telegraph. 2. januar 2014. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II) – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Ultratop.be – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «RPM Volume 32, No. 26». RPM. Library and Archives Canada. 22. mars 1980. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Pink Floyd - Another Brick in the Wall (Part II)". Charts.de. Media Control. Henta 13. februar 2019.
- ↑ «The Irish Charts – Search charts». IRMA. 2008. To use, type «Another Brick in the Wall» in the «Search by Song Title» search var and click search. Arkivert frå originalen 9. juni 2009. Henta 17. februar 2013.
- ↑ 7,0 7,1 Mark Blake (2008). Da Capo Press Inc., red. Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. ISBN 978-0-306-81752-6.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 3, 1980" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Charts.org.nz – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)". VG-lista. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ John Samson. «Another brick in the wall (part II) in South African Chart». Henta 1. juni 2013.
- ↑ Davidalic (12. februar 2010). «Listas de superventas: 1980». AFE. Listas De Superventas. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Swedishcharts.com – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)". Topp 60. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II) – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "desember 1979/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Floyd?f=379&g=Singles Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 7. februar 2016.
- ↑ "Lescharts.com – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 11. juli 2014.
- ↑ «Top 100 Singles (1980)». RPM. Arkivert frå originalen 25. april 2016. Henta 9. juli 2019.
- ↑ «Top 100 Single-Jahrescharts 1980» (på tysk). Henta 14. februar 2018.
- ↑ http://nztop40.co.nz/chart/?chart=3869
- ↑ «Top 20 Hit Singles of 1980». Henta 2. september 2018.
- ↑ Swiss Year-End Charts, 1980
- ↑ Billboard 20. desember 1980: TIA-10
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. april 2012. Henta 22. juli 2015.
- ↑ «French single salstrofé – Pink Floyd – Another Brick In The Wall» (på fransk). InfoDisc. Select PINK FLOYD and click OK
- ↑ «Les Singles en Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Henta 21. april 2012.
- ↑ «Danish single salstrofé – Pink Floyd – Another Brick in the Wall». IFPI Denmark. Henta 26. april 2019.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Another Brick in the Wall')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «Italian single salstrofé – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (part 2)» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «British single salstrofé – Pink Floyd – Another Brick in the Wall Pt.2». British Phonographic Industry. Enter Another Brick in the Wall Pt.2 in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ Lane, Dan (27. juni 2013). «Daft Punk's Get Lucky becomes one of the UK's biggest selling singles of all-time!». Official Charts Company. Henta 10. oktober 2015.
- ↑ «American salstrofé – Pink Floyd – Another Brick in the Wall (Part II)». Recording Industry Association of America. Henta 17. april 2012.
- ↑ Fitch, Vernon (2005). 'The Pink Floyd Encyclopedia (3rd utg.). s. 73, 76, 88. ISBN 1-894959-24-8.
- ↑ «Korn Another Brick In The Wall Chart History - Alternative Songs». Billboard. Eldridge Industries. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Korn Another Brick In The Wall Chart History - Mainstream Rock Songs». Billboard. Eldridge Industries. Henta 10. juli 2019.
- ↑ ««Another Brick in the Wall, Pts. 1-3» by Korn | Music Video | VH1.com». VH1. Viacom Media Networks. Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ Levith, Will (29. august 2013). «Korn, 'Another Brick in the Wall' - Terrible Classic Rock Covers». Ultimate Classic Rock. Townsquare Media. Henta 10. juli 2019.
- ↑ Birchmeier, Jason. «Greatest Hits, Vol. 1 - Korn». AllMusic. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Korn Chart History - Alternative Songs». Billboard. Eldridge Industries. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Korn Chart History - Mainstream Rock Songs». Billboard. Eldridge Industries. Henta 10. juli 2019.
Føregangar «Don't Stop 'Til You Get Enough» Michael Jackson |
Toppen av VG-lista Pink Floyd 10 veker, veke 7–16, 1980 |
Etterfylgjar «Sámiid Ædnan» Sverre Kjeldsberg og Mattis Hætta |
385: «Fake Plastic Trees» Radiohead |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 384 «Another Brick in the Wall Part 2» Pink Floyd |
383: «Brown Eyed Handsome Man» Chuck Berry |