Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 42, 2014

Tradisjonelle bruksbåtar er ei vanleg nemning på båttypar som var i bruk fram til motoriseringa av fiskeria. Ein skil mellom austnorsk og vestnorsk båtbyggartradisjon. Skiljet går mellom Jæren og Agder.

Kjenneteikn på austnorske båtar er at dei er breie og djupe; gode å segle, men tunge å ro. Det vert brukt rorkultroret. I området der ein brukar desse båtane er skiljet mellom flo og fjøre lite. Ein har mindre trong om å drage dei på land. Ofte ror ein båtane inn i båthuset og lèt dei ligge på vatnet. Det er difor ikkje noko krav om at båtane skal vere lette. Den austnorske båttradisjonen er ein del av ein tradisjon som og omfattar Bohuslän og Kattegatområdet.

Vestlandsbåtar er smalare, lettare og meir lettrodde samanlikna med austnorske båtar. Overgangen mellom kjøl og stamn er meir avrunda ved at det vert innsett eit overgangstykke, lottet eller stemnet. Medan forholdet mellom lengd og breidd gjerne er 3:1 på austnorske båtar, er det 4:1 eller meir på vestnorske. Dei vestnorske er bygde av færre bord enn austlandsbåtane. På vestnorske båtar finn ein til vanleg keipar og firkanta årar som ikkje vert vridde under roing. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 42, 2014».