Wikipedia:Stilmanual/Medisin-relaterte artiklar


"WP:MED" og "WP:MEDISIN" omdirigerer til Wikiprosjekt Medisin. Bruk ikkje Wikipedia som einaste kjelde til avgjerdsler eller tiltak i helsemessige spørsmål; sjå WP:Helsemessige forhold.
Denne sida er basert på stilmanualen frå engelsk Wikipedia (sjå MoS Medicine-related articles)
WP:MEDMOS omdirigerer til denne sida
OBS: Stilmanualen er for tida under utbygging og manglar ein del innhald. Dette vil du merka ved at nokre segment er blanke eller kortfatta. Skriv på diskusjonssida viss du lurer på korleis du kan bidra med å utvida denne artikkelen.

Denne sida skisserer stilmanualen for skriving av medisinske artiklar. Det kan òg vere hjelpsamt å lesa Wikipedia sin generelle stilmanual før du skal skrive artiklar. Manualen skal gjere det enklare for deg å skrive gode, konsistente og velstrukturerte artiklar som er lette å navigere og lese. Den kan brukast som eit utgongspunkt når du skriv din første artikkel, eller som referanseramme når du står fast. Den diskuterer mange av problema og konfliktane som kan dukka opp når ein skriv medisinske og anatomiske artiklar, og visar til gode råd, løysingar og omvegar. Den tar for seg nokon etiske problemstillingar, men bør ikkje brukast som referanse for leksikalsk eller medisinsk etikk. Den bør heller ikkje brukast utanom medisin- og anatomiartiklar; manualen er skreddersydd utelukkande for desse. Den er likevel ikkje fiksert, og du treng ikkje å følge den ned til minste detalj. Du kan ignorere denne manualen viss den hindrar deg i å skrive ein god artikkel. Den kan godt brukast i kombinasjon med stilmanualen til nynorsk-wikipediaen, og du kan sjølv avgjere om delar av manualen er relevant eller ikkje. Viss du har spørsmål eller innspel kan du skrive dei på diskusjonssida.

Merk at stilmanualen kan endra seg over tid, og det kan vere ulike grunnar til at det skjer:

  • Konsensus blant wikipedantar kan resultera i at strukturen vert omlagt med heimel i nye føresegn.
  • Framskritt i medisinvitskapen kan kreve at stilmanualen vert omlagt for å lempe seg etter tilhøva.
  • Tekniske endringar i MediaWiki-programvara kan gjere det naudsynt å legge om stilmanualen.

Titulering endre

Tittelen på artikkelen bør bestå av eit vitskapleg eller anerkjent medisinsk namn som er frekvent brukt i nyare norsk- og engelskspråklege kjelder av høg kvalitet. Ein bør styre unna uvitskaplege navn, slang og historiske eponym som har vorte erstatta. Desse alternative namna kan om høveleg spesifiserast i innleiinga. Lag omdirigeringar til artikkelen for å bistå dei som søkjer med alternative namn. Til dømes vert myokardialt infarkt omdirigert til hjarteåtak.

Tittelen er underlagt dei same standardane for kjeldebruk som innhaldet i artikkelen. Viss det oppstår strid om eit navn bør redaktørane sitere anerkjente myndigheiter og organisasjonar, i staden for å foreta ny forsking.

Tittelen bør vere kortfatta, såframt det er mogleg. Ein lang tittel er vanskeleg å søkje etter — bruk heller gode stikkord.

Tittelen skal som regel ha stor forbokstav berre i det første ordet (til dømes skriv ein «Diabetes mellitus» i staden for «Diabetes Mellitus»). Ved teiknsetjing (t.d. apostrof og bindestrek) følgjer ein kjelder av høg kvalitet. Der det er leksikalske ulikheitar mellom variantar av norsk, bør ein prøve å nytte ein internasjonal standard. Nokre dømer på internasjonale standardar inkluderer:

Sider som treng fleirtyding endre

Vidare lesing: Wikipedia:Fleirtyding

 
Sola, Sol eller sol...? Her har «Sol» vorte ei fleirtydingsside.
« Some words sound alike but have different meanings, such as to, two, and too. Some words have multiple meanings depending on how one uses them. No wonder we have trouble understanding each other, even when we speak the same language.The Wire, 03. mars 2013 »

Når eit omgrep vert nytta for å skildra to ulike emner må sidene ha fleirtyding for å løyse namnekonfliktar. For å oppnå dette nyttar ein eit skildrande ord før eller etter tittelen (t.d. kan ein bruka "Fot" for å skildra føter generelt og "Menneskefot" for å skildra føter hos menneske). Hugs likevel at ein ofte kan kombinere skilnader utan å lage to artiklar. Likeins kan ein ofte skildra medisin- og anatomiartiklar frå andre artiklar ved å bygge inn "...(medisin)", "…i medisin" eller "Medisinsk..." og "...(anatomi)", "Anatomisk...", "…i anatomi" eller "…, anatomi" i tittelen, høvesvis.

Til dømes kan "bein" referera til lemmene hjå dyr (sjå bein), men det kan òg nyttast om skjelettdelen (sjå knokkel). Viss det er mange fleirtydingar kan det vere høveleg å lage ei fleirtydingsside.

Når den medisinske eller anatomiske konteksten utgjer hovudbruken av ordet, så treng ein ikkje nytta ei fleirtydingsside. Til dømes er hjarte oftast nytta om organet. Hjartesymbolet, hjarterfargen i kortspel, og uttrykket "i hjarta av…" kan då skrivast om på ei fleirtydingsside, og denne sida kan nemnast øvst i hovudartikkelen.

Når medisin- eller anatomiomgrepet kjem sekundært til ein meir vanleg brukt kontekst, er det berre dei førstnemnde artiklane som treng fleirtyding. Oftast nyttar ein "perkusjon" for å skildra eit instrument, og søket bør difor føre direkte til instrumentet; den medisinske tydinga bør då heitte "perkusjon i medisin" eller "medisinsk perkusjon". Ei anna løysing her ville vore å kalla sidene "Perkusjonsinstrument" og "Perkusjon i medisin" for å unngå unødig konflikt. "Perkusjon" bør likevel dirigere brukaren til instrumentet.

Når det er to eller fleire tydingar for det same omgrepet i medisin eller anatomi, så er det ikkje nok å skildra dei ved å kombinera omgrepa med orda "medisin" eller "anatomi". I denne situasjonen bør ein ta nytte av det medisinske spesialområdet for medisin, og den spesifikke kroppsdelen for anatomi. Til dømes kan "foramen ovale" referera til ein struktur i både hovudskallen og i hjarta. Difor bør ein kalle titlane "Foramen ovale i hovudskallen" og "Foramen ovale i hjarta", høvesvis. Siden hverken av strukturane viser til primærtydinga av omgrepet, bør "Foramen ovale" vere ei fleirtydingsside.

Vanlege barberfeller endre

 
Ei rekonstruert barberfelle i Sverige

Skrive for feil publikum endre

Wikipedia er skriven for den generelle lesaren. Det er eit oppslagsverk. Det er ikkje ein omfattande medisinsk eller farmasøytisk ressurs, og heller ikkje ein førstehjelpsmanual. Sjølv om helsepersonell og pasientar kan finne mykje av interesse, så er ikkje desse blant målgruppa.

Teikn på at du skriv for (anna) helsepersonell endre

  • Du gir tekniske råd, særlig i framgongsmåten for å stille ein diagnose.
  • Du bruker teknisk sjargong når det finst vanlige norske ord (vurdér å bruke "nyre" i staden for "renal").
  • Du fjerner omtalen av uvanlege behandlingar eller praksisar (hugs å halde ein nøytral synsvinkel slik at dekninga står i forhold til den dekninga som blir gjeven av vederheftige sekundærkjelder).
  • Du bruker orda "pasient" og "sak" når du skildrar nokon med ein medisinsk tilstand.
  • Du sørger for at lesarane veit at prosessen eller produktet ditt er patentert.
  • Du skriv opp alle uvanlege manifestasjonar som nokon gong er rapporterte, i håp om at det kan hjelpa nokon å diagnostisera ein atypisk sak.
  • Du bruker ein skrivestil som passar for hovudfagsemner, fordi det er brukt i fagvellevurderte tidsskriftartiklar og faglige oppslagsverk.

Teikn på at du skriv for (andre) pasientar endre

  • Du bruker ordet du når du skildrar nokon med ein medisinsk tilstand.
  • Du gir praktiske råd, når det i røynda er naudsynt å oppsøka medisinsk hjelp.
  • Du bruker informasjon frå pakningsvedlegg og produktnettsider.
  • Du nemner behandlingar eller framgongsmåtar du har lest om i aviser, eller kjenner frå personlege erfaringar.
  • Du legg til "nyttige" eksterne lenker som fora, sjølvhjelpsgrupper og lokale veldige organisasjonar.
  • Du framhever eller undertrykker verifiserbare fakta slik at lesaren skal ta det "riktige" valget i den verkelege verda.
  • Du trykker ned informasjon som kan ta motet frå pasienten (t.d. at ein sjukdom oftast er dødelig), eller du gir unødig merksemd til individuelle suksesshistoriar.
  • Du bruker ein skrivestil som passar for 12-åringar, fordi pakningsvedlegget er skriven for denne aldersgruppa.

Nokon gongar legg du til informasjon som er spesifikk for éitt land: til dømes informasjon om lisensiering av lækjemiddel og føresegn i helsevesenet.

Trivialitetar endre

Unngå lister med trivialitetar, kuriosa og generelle fakta. Det er betre å bygge desse inn i hovudteksten. Avsnitta om historie og populærkultur kan bidra til å strukturere slike fakta.

Avsnitt med mange referansar til ulike studiar bør ikkje inngå i eit avsnitt om "Forsking" utan vidare avklaring. Området under slike overskrifter har ein tendens til å utvikle seg til å bli trivielle og uorganiserte lister av tilfeldige studiar, med ei overvekt på namna på personane bak studien, forskingsinstitusjonane dei jobbar ved, og så bortetter. Med mindre innhaldet er knyta til prinsipp eller teknikkar innan forsking, eller passar inn i artikkelen om Forsking, bør slike avsnitt heller spesifiserast med det studiane og resultata er retta mot. Det er truleg dette lesarane ønsker å lære meir om.

Stumtenarar og tangentar endre

Sjølv om eit utsagn er sant, verifiserbart og viktig så er det ikkje sikkert det er relevant for artikkelen du skriv. Sjølv om det finst ein "knagg", så er ikkje det ein god grunn til å "henge" materiale i ein gitt artikkel.

Artikkelen Kjemoterapi bør til dømes ikkje innehalde overveldande informasjon om førebygging av kreft, stråleterapi eller kirurgi, sjølv om desse kan nemnast i artikkelen. Artiklar om lækjemiddel, prosedyrar og innretningar kan godt nemna firmaet eller personane bak, men bør ikkje inkludere informasjon som ikkje er relevant for hovudmotivet, som til dømes informasjon om deira personlege liv eller urelaterte produkt.

Nøysomt språkbruk endre

Medisinske tydingar av vanlige omgrep skil seg ofte frå den hos ålmenta. Dette er særskilt vanleg for medisinske omgrep som attåt blir bruka i juridiske samanhengar med nærståande, men monaleg ulike tydingar.

  • Godkjent og indikert har ulike tydingar og bør ikkje brukast om einannan. Indikasjonar visar til vanlege medisinske bruksområder for eit lækjemiddel. Godkjenning handlar om regulasjon, og varierer frå eitt land til eit anna. Off-label bruk visar til bruken av eit lækjemiddel for eit anna føremål enn det stoffet vart godkjent for.
  • Somtid kan positive og negative testresultat høvesvis ha negative og positive konsekvensar for pasienten. Til dømes kan ei negativ masseundersøking (screening) for brystkreft vere positivt for personen som blir undersøkt.
  • Omgrepet psykologisk avhengighet har så mange motstridande definisjonar at det i hovudsak er meiningslaust. Bruk heller eit konkret omgrep. Du kan til dømes skriva at eit lækjemiddel ikkje fører til toleranse, eller at medfølgande abstinenssyndrom ikkje er livstruande.
  • Omgrepet stoffmisbruk er vagt og formidlar negative konnotasjonar. I medisinsk samanheng visar det oftast til rekreasjonsbruk av lækjemiddel med alvorlig risiko for skade eller tilknyting. Det kan òg brukast for å visa til ulovleg bruk av lækjemiddel. Det beste aksepterte omgrepet for ikkje-medisinsk bruk er rekreasjonsbruk.
  • Omgrepet signifikans kan både visa til statistisk signifikans og klinisk relevans. Statistisk signifikans inneberer at det er lite sannsynlig at eit resultat er tilfeldig. Klinisk relevans inneberer at resultata er store nok til å bli lagt merke til av pasienten, og difor vil utgjera ein forskjell i virkninga sjukdomen eller tilstanden har på pasienten. Til dømes kan ein vektreduksjon på eitt gram vere statistisk signifikant i ei stor befolkning, men det har ingen klinisk relevans for den enkelte.
  • Unngå å bruka det fleirtydige omgrepet doktor når du skal visa til legar eller kirurgar. Bruk heller ikkje doktor eller lege på måtar som feilaktig ekskluderer anna lisensiert helsepersonell, som til dømes sjukepleiarar, legeassistentar og jordmødre.
  • Allopati kan potensielt vera forvirrande for lesarane i ulike kulturar fordi det både kan visa til tradisjonelle, lindrande førebuingar og ordinær, moderne medisin. Unngå å bruka allopatisk i skildringa av moderne vestleg medisin. Ikkje all populærmedisin er evidensbasert, og likeins er ikkje alternativmedisin alltid tradisjonell medisin.
  • Pass på å ikkje forveksla prevalenstall i ei pasientgruppe med prevalensen i heile befolkninga med ein gitt tilstand. "Ein tredel av pasientane XYZ" er ikkje alltid det same som "Ein tredel av pasientane med XYZ", fordi mange med XYZ kanskje ikkje søker medisinsk hjelp.
  • Vær nøysommelig når du identifiserer diskusjonen i kjeldene dine, og unngå å generalisera eller tolka det for vidare bruk i relaterte idear. Ei kjelde kan til dømes diskutera effekten av eit kjemikalie som er rensa ut frå ei plante (t.d. aspirin frå barken i kvitpil (Salix alba). Det kan vere lett å feiltolka artikkelen og tru at den handlar om sjølve planta. Likeins kan ei kjelde som diskuterer effektane av kultiverte celler eller ikkje-menneskelege dyr, feiltolkast for å handla om menneske.
  • Velg passande ord når du skildrar medisinske tilstandar og effektane dei har på folk. Orda sjukdom og liding er ikkje alltid passande. Unngå å seia at folk lider av eller er offer for kroniske sjukdomar eller symptom, fordi det kan presentera desse folka som hjelpeslause: bruk heller identifiserande ord som den skadde eller individet med. Mange pasientgrupper, særleg dei som er stigmatiserte, føretrekkjer en:people-first language — og argumenterer mellom anna med at det er anfalla som er epileptiske — ikkje folka. Eit døme på people-first language er å skrive person med epilepsi i staden for epileptikar. I motsetnad blir ikkje medisinske tilstandar alltid rekna som ufordelaktige av dei som har tilstanden. Nokon grupper avviser denne språkbruken og reknar tilstanden som ein del av deira personlege identitet (til dømes nokon døve og autistiske menneske).

Skrivestil endre

Den generelle skrivestilen bør reflektera Wikipedia sin encyclopediske natur.

Generell tone endre

  • Ikkje vend deg direkte til lesaren. Sørg for at bidraga dine ikkje gir medisinske råd. Du treng likevel ikkje å tenke på atterhald, sidan det generelle atterhaldet er tilgjengeleg på alle Wikipedia-sidene (sjå nedst på denne sida). Du kan om høveleg gi råd om å oppsøkja medisinsk hjelp, særleg i artiklar om alvorlege tilstandar.
  • Ikkje bruk følgande eller liknande format: «spørsmål-og-svar» og «ofte stilte spørsmål».
  • Bruk wikilenkjer for å halde artikkelen fokusert; ikkje legg unødig vekt på perifere detaljar. Når du skal skrive om blodprøvar bør du unngå overflødig informasjon om prosedyrane for venepunktur og ofte brukte kanyler. Lag heller ei lenkje til dei normale prosedyrane. Bruk likevel sunn fornuft; inkluder informasjon som er viktig eller uvanleg.

Wikipedia er ikkje ei medisinsk primærkjelde endre

  • Wikipedia-artiklar er ikkje tekstbøker.
    • Mnemoteknikkar og tommelreglar er i hovudsak laga for å bistå medisinstudentar. Du bør presentera informasjon i artikkelformat, utan den kunstige og distraherande strukturen i husketeknikkar.
  • Wikipedia er ikkje ein prosessmanual. Ikkje gi «how-to»-instruksjonar. Når du skriv om ein kirurgisk operasjon skal du ikkje føre opp utstyret som blir bruka, og heller ikkje gi råd om korleis ein skal halda, bruka eller vaska dei kirurgiske instrumenta.
  • Wikipedia er ikkje ei samling av kasusstudiar, og ein bør unngå overdrivne døme.

Sitera kjelder endre

 
Det er viktig å sitera rett kjelde

Kjelder bør nyttast for å lage verifiserbare utsagn, men dei skal ikkje skildrast i artikkelen.

  • Ikkje gje ei detaljert analyse av ein studie viss analysen ikkje er henta frå ei publisert og god kjelde. Wikipedia skal by på konsise fakta om eit emne. Bakgrunnsstoff og lesestoff skal ikkje diskuterast i lengd. I utgongspunktet finn ein fakta i konklusjons- eller resultatavsnitta i slike studiar — ikkje i den detaljerte metodologien. Artiklar som er tilknyta og har attgjeve summeringa av studien gjennom sekundærkjelder er enklare å tolke, og det eliminerer nokre av problema som kan oppstå ved bruk av tunge, metodiske studiar. Difor:
 …handvask etter defekasjon minskar førekomsten av diaré i villmarka.
 …ei ukontrollert spørreundersøking av 132 erfarne langdistanse-reisande på Appalachian trail i 1997, konkluderte med at handvask etter defekasjon minska insidensraten av diaré i villmarka.
  • Ikkje skryt opp ein studie ved å lista namn, institusjonar eller andre «kvalifikasjonar» hos forfattarane. Artikkelteksten bør ikkje unødig duplisera namn, datoar, titlar og annan informasjon om kjeldene. Utelat alltid profesjonstitlar og akademiske grader: bruk «Berge» eller «Johnsen» føre «Dr. Berge» eller «Dr. Johnsen». Det er berre når du siterar eit individ som døme på ein person i eit mindretal at slik informasjon er naudsynt. Bruk «HIV fører til Acquired Immune Deficiency Syndrome» i staden for «AIDS Denialist Society seier at HIV er heilt ufarleg».
  • Ikkje publisér dine eigne synspunkt eller di eiga forsking.
  • Det å leggje til kjelder i introduksjonen er ein vitug praksis, men det er ikkje naudsynt såframt den aktuelle teksten er støtta opp i hovudteksten.

Teknisk språkbruk endre

  • Når du nyttar tekniske omgrep (sjargong) for første gong i ein artikkel, gje ei kort forklaring i parentes. Viss det ikkje lar seg gjere kan du wikilenkje til andre artiklar (eller Wiktionary). For omgrep som handlar om anatomisk retning kan du dømesvis lenkje til Anatomiske retningsskildringar ved å bruka [[Anatomiske retningsskildringar#Medial og lateral|lateral]]. Viss omgrepet ikkje lenger vert nytta i artikkelen kan det vera høveleg å nytta eit godt nynorskord, og heller lenkje vidare til det tekniske omgrepet. Etymologien til eit ord kan vere interessant, og det kan bidra til at lesaren betre forstår og hugsar informasjonen. Bruk berre lenkjer der folk har nytte av dei, og sørg for at dei fokuserar på emnet.
  • Me skriv ein nynorsk-Wikipedia og omgrepa våre må vere spegla i truverdige, norske kjelder, sjølv om denne skrivemåten vikar frå språkrøter i dømesvis latinsk, gresk og tysk.
  • Bruk INN-namn når du visar til eit lækjemiddel i medisinartiklar. Wikilenkja kan òg følgjast av merkenamnet i parentes: «trastuzumab (Herceptin)».

Infoboksar endre

Infoboksar burde brukast når det er naudsynt. Førebels finst desse:

Avsnitt endre

Den følgande lista gjev dømer på ulike avsnitt, men kan òg nyttast ved omskriving av ein artikkel. Det er ikkje sikkert endringa di er godt motteken viss du endrar strukturen på ein eksisterande artikkel — berre for å endre strukturen. Denne rekkjefylgja er oppmoda, men kan varierast viss den:

  • fremjar progresjonen av artikkelen
  • hindrar eit konsept i å utvikla seg
  • førebyggjer repitisjon

Ikkje skrem vekk potensielle lesarar ved å plassere eit tungt og teknisk avsnitt i byrjinga av artikkelen.

Sjukdom, liding eller syndrom endre

Kliniske artiklar kan oppnå godt samsvar ved å avgrensa avsnitta til dei som er definerte her. Likevel finst det eit vidt spekter av medisinske tilstandar – infeksiøse og genetiske sjukdomar, kronisk og akutt sjukdom, livstrugande og upassande tilstandar. Nokon avsnitt må stundom ekskluderast eller smeltast fordi artikkelen ikkje er omfattande (enno).

Ein sjukdom som i hovudsak er av historisk viktigheit kan dra fordel av at «Historie»-avsnittet er flytta til toppen. Ulike variantar av sjukdomen, «Klassifikasjon», kan vere nyttig som første avsnitt. Viss denne klassifiseringa krever god kjennskap til etiologien, patogenesen eller symptoma, kan det vere lurt å flytte denne lenger ned i artikkelen. Viss ein sjukdom er ulækjeleg, kan det vera høveleg å flytta «Prognose»-avsnittet lenger opp.

Lista inneheld wikilenkjer; dei faktiske avsnitta skal ikkje det.

Lækjemiddel, medikament og apparat endre

Ingressen bør nemne namnet på lækjemiddelet med heimel i normale retningsliner (oftast INN). Statens Lækjemiddelverk og Felleskatalogen kan òg nyttast som referanse for lækjemiddelnamn. Merkenamn og/eller opphavsnamn følgjer desse. Deretter kan ein nemne lækjemiddelklasse, familie og hovudindikasjonar. Avsnittet Eksterne lenkjer er ein magnet for spam frå lækjemiddelprodusentar, og bør utelatast om mogleg.

Unngå å klone informasjon frå lækjemiddelreferansar. Plukk ut den viktigaste informasjonen. Lange lister med biverknader har lite nytte viss ein ikkje kan skilje mellom dei som er vanlege og dei som er alvorlege. Ikkje inkluder informasjon om dosering, titrering eller pris, med mindre det er mykje diskutert blant sekundærkjelder, eller er naudsynt for diskusjonen i artikkelen. Wikipedia er ikkje ein instruksjonsmanual, og heller ikkje ei tekstbok, og bør ikkje innehalda instruksjonar, råd eller «how-to’s»; sjå WP:Helsemessige forhold.

Den følgjande lista inneheld wikilenkjer; dei faktiske avsnitta skal ikkje det.

Kirurgiske inngrep og prosedyrar endre

  • Medisinsk bruk
  • Kontraindikasjonar
  • Teknikk (unngå steg-for-steg-instruksjonar)
  • Risikoar eller Komplikasjonar
  • Rekonvalesens eller Rehabilitering
  • Historie
  • Samfunn og kultur (omfemnar juridiske spørsmål)
  • Særskilte populasjonar
  • Andre dyr

Symptom og sjukdomsteikn endre

Artiklar om sjukdomsteikn og symptom kan følgje strukturen under. Utelukk avsnitt som ikkje er diskutert i kjeldene dine, og kombiner avsnitt når dette virkar vitugt. Ofte er definisjonen av eit sjukdomsteikn godt forklart i avsnittet ’’’Mekanisme’’’, og då er det ikkje naudsynt å ta med definisjonen i tillegg.

  • Definisjon (noverande definisjonar)
  • Differensialdiagnose
  • Patofysiologi eller Mekanisme
  • Diagnostikk eller Evaluering
  • Behandling eller Handsaming (for sjølve symptomet: t.d. analgetika for smerte)
  • Epidemiologi (insidens, prevalens, risikofaktorar)
  • Historie (om vitskapen, ikkje pasienten)
  • Samfunn og kultur (t.d.: kakeksi var eit literært symbol for tuberkolose på 1800-talet og for AIDS i 1980-åra.)
  • Forsking
  • Andre dyr

Medisinske testar endre

Artiklar om diagnostiske testar eller andre medisinske testar kan følgje denne strukturen. Mange artiklar har berre bruk for nokre få av desse avsnitta. Denne kan òg vere nyttig i artikklar om visse prosedyrar.

Ei generell skildring av prosedyrar kan vere av encyclopédisk verdi, men artiklar om testar og prosedyrar bør ikkje innehalda steg-for-steg-instruksjonar, pasientinstruksjonar, atterhald eller åtvaringar.

  • Typar eller Variantar (viss det finst fleire enn éin variant av testen eller prosedyren)
  • Medisinsk bruk (inkludert indikasjonar, off-label bruk og kontraindikasjonar)
  • Mekanisme (korleis testen eller prosedyren virkar)
  • Preparasjon
  • Prosedyre
  • Tolking av resultata (inkludert grannsemda og spesfiseringa til testresultata)
  • Biverknader
  • Juridiske spørsmål
  • Historie

Anatomi endre

Medisinske spesialområder endre

Vanlege vedlegg endre

Nemneverdige tilfeller endre

Etymologi endre

Kjelder og bakgrunsstoff endre

Sjå òg WP:Kva Wikipedia ikkje er og WP:Kjelder.

Ei lenkje som er nemnd i infoboksen (t.d. Norsk Elektronisk Legehåndbok) eller i bakgrunnsstoffet, treng ikkje repeterast i dette avsnittet. Alle lenkjer må møte Wikipedia sine retningsliner for eksterne lenkjer, som i særleg grad utelukkar diskusjonsfora.

Ikkje bruk eksterne lenkjer som fører til

  1. informasjon som allereie finst i artikkelen
  2. nett- eller epostbaserte støttegrupper for pasientar, profesjonsfolk eller andre pårørande (sjølv ikkje dei frå velgjerdsorganisasjonar)
  3. statlege eller private velgjerdsorganisasjonar, sjukehus, klinikkar, program, møter eller hendingar
  4. personlege erfaringar eller overlevingshistoriar
  5. rekruttering til kliniske testar, salg av produkt eller innsamling av pengar

Viss sjukdomen er veldig sjeldan kan velgjerdsorganisasjonar vere av encyclopédisk merksemd. I desse tilfella burde ein finne kjelder som gjev generell informasjon, dømesvis ein detaljert artikkel om emnet.

Sitere medisinske kjelder endre

Sitera frå mal endre

Sitera for hånd endre

Navigasjonsboksar endre

Kategoriar endre

Bilete endre

Grafar endre