Orografisk tåke ved Lushan-fjellet i Jiangxi-provinsen i Kina.

Tåke eller skodde er ei sky som er i kontakt med bakken. For å kallast tåke må sikten vera under 1000 m. Tåke oppstår normalt når relativ fukt når 100 % på bakkenivå, men havtåke kan oppstå i turrare luft. Tåke kan dannast brått, og løysast opp like brått, avhengig av på kva side av doggpunktet temperaturen er.

Den staden med mest tåke i verda er Grand Banks utanfor øya Newfoundland i Canada. Det oppstår ofte tåke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frå nord her møter den mykje varmare Golfstraumen frå sør.

I Noreg varierer det frå landsdel til landsdel kva tid på året det kjem mest tåke. Kysten av Barentshavet, Norskehavet og sørover til Jæren er mest utsett for tåke om sommaren, medan Sørlandskysten er mest utsett om våren. Døme på kyststrøk med mykje strålingståke er Oslo-området og Kirkenes. Austlandet får som regel mest tåke om vinteren, og er særleg utsett i periodar med sørleg, mildt luft som kjem inn over eit snødekt landskap. Les meir…