Wildlife av Mott the Hoople

Wildlife
Studioalbum av Mott the Hoople
Språk engelsk
Utgjeve 19. mars 1971
Innspelt November–desember 1970
Studio Island, London
Sjanger Rock
Lengd 38:25
Selskap Island (Storbritannia), Atlantic (USA)
Produsent Mott the Hoople (spor 1, 2, 4, 6-8)
Guy Stevens (spor 3)
Mott the Hoople/Guy Stevens (spor 5 og 9)
Mott the Hoople-kronologi 
Mad Shadows
(1970)
Wildlife Brain Capers
(1971)


Wildlife er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Mott the Hoople.

Albumet vart opphavleg gjeve ut i 1971, i Storbritannia på Island Records og i USA på Atlantic Records. Det nådde 44. plassen på UK Albums Chart i april 1971.[1]

Innspeling endre

Albumet vart spelt inn i november og desember 1970 i Island Studios i London. Det vart produsert av Guy Stevens og Mott the Hoople. Lydtekniarar var Andy Johns, Brian Humphries og Phill Brown.

Mottaking endre

Ben Edmonds skreiv for Rolling Stone i juni 1971 at han følte bandet og songaren hadde gått bort frå Bob Dylan-likskapen på dei første to albuma og lagt til ein smak av country. Dei hadde produsert eit album med «meir enn nok solid musikk» som burde gje dei merksemd i Amerika.[2]

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Sidan dei hadde oppnådd lite suksess og verka å køyre av vegen, vart Mott the Hoople oppfordra til å produsere det tredje albumet deira med nokon andre enn Guy Stevens. Til slutt valde dei å produsere albumet sjølv, og skapte eit album som var lystig og slagkraftig, i direkte kontrast til den svøypande tåka på Mad Shadows. Dei enda opp med Wildlife, ei plate som framleis verkar som ein overgang, og som likevel er langt meir sjølvsikker, einskapleg og glederikt.»[3]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Whisky Women»Mick Ralphs3:42
2.«Angel of Eighth Avenue»Ian Hunter4:33
3.«Wrong Side of the River»Ralphs5:19
4.«Waterlow»Hunter3:03
5.«Lay Down»Melanie Safka4:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«It Must Be Love»Ralphs2:24
7.«Original Mixed-Up Kid»Hunter3:40
8.«Home Is Where I Want to Be»Ralphs4:11
9.«Keep a Knockin'» (konsertopptak frå Fairfield Halls i Croydon, 13. september 1970)Richard Penniman10:10
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«It'll Be Me»Jack Clement2.58
11.«Long Red»Leslie West, Felix Pappalardi, John Ventura, Norman Landsberg3.47

Medverkande endre

Andre medverkande
  • Jerry Hogan – steelgitar på «It Must Be Love» og «Original Mixed-Up Kid»
  • Jess Roden – korvokal på «Lay Down»
  • Stan Tippins – korvokal på «Lay Down»
  • Michael Gray – strykearrangement og dirigent på «Waterlow»
  • Jim Archer – fiolin på «Angel of Eighth Avenue»
Teknisk

Salslister endre

Liste (1971) Plassering
Official Charts (Storbritannia)[4] 44

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 381. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Ben Edmonds (10. juni 1971). «Wildlife». Rolling Stone. 
  3. Stephen Thomas Erlewine. «Wildlife». AllMusic. Henta 15. mars 2022. 
  4. «Official Charts - Mott the Hoople». Henta 15. mars 2022.