Words of Love
Singel av Buddy Holly
frå albumet Buddy Holly
B-side

«Mailman, Bring Me No More Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 20. juni 1957
Innspelt 8. april 1957
Sjanger Poprock
Lengd 1:56
Selskap Coral 61852
Komponist Buddy Holly
Tekstforfattar Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Buddy Holly
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi 
«Modern Don Juan»
(1956)
Words of Love «That'll Be the Day»
(1957)


«Words of Love» er ein song skriven og spelt inn av Buddy Holly.

Originalversjonen endre

Holly spelte inn songen den 8. april 1957. Holly song sin eigen harmonivokal, noko dei fekk til ved å kombinere lydbandinnspelingane for kvar del. Songen vart ikkje ein stor hit for Holly, men har sidan blitt rekna som ein av dei viktigaste innspelingane hans og finst på mange av samleplatene hans.[1]

Eit samlealbum kalla Words of Love kom ut på PolyGram i Storbritannia i 1993, og nådde førsteplassen på albumlista i USA og selde til gullplate..[2]

The Diamonds-versjonen endre

Ein doo-wop-versjon av Diamonds kom ut på Mercury Records den 20. mai 1957, og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 i juli 1957. The Diamonds framførte òg songen på direktefjernsyn på showet Circus Time den 27. juni 1957, og han finst på albumet Pop Hits frå 1962.

The Beatles-versjonen endre

Words of Love
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 18. oktober 1964
Sjanger Poprock
Lengd 2:12 (mono), 2:02 (stereo)
Selskap Parlophone
Komponist Buddy Holly
Tekstforfattar Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Buddy Holly
Produsent George Martin

The Beatles gav ut ein versjon av songen den 18. oktober 1964 for det britiske albumet Beatles for Sale. I USA kom han først ut på albumet Beatles VI. Han kom òg på EP-en Beatles for Sale No. 2, på Parlophone/EMI i 1965. John Lennon og Paul McCartney, som var fans av Holly, song i harmoni med George Harrison,[3] og heldt seg nær til den originale vokalen til Holly. Ringo Starr spelte på ein kasse, i tillegg til trommer, for å få ein liknande lyd som på Holly sin «Everyday».[4]

Medverkande endre

I følgje Ian MacDonald[5]

Andre innspelingar endre

Ei framføring av songen frå 1963 vart spelt inn for BBC og finst på samlealbumet On Air – Live at the BBC Volume 2 frå 2013. Innspelinga var òg med på ein EP frå albumet, og ein DVD eller Blu-ray som kom med albumet 1+ frå 2015.

Andre versjonar endre

  • Jessica Lea Mayfield spelte ein versjon av songen for Starbucks-samlinga Sweetheart: Our Favorite Artists Sing Their Favorite Love Songs.[6]
  • Paul McCartney spelte inn ein eigen versjon av songen i 1985 på akustisk gitar. Versjonen hans vart nytta i dokumentarfilmen The Real Buddy Holly Story.
  • Pat DiNizio spelte inn songen for hyllestalbumet Pat DiNizio/Buddy Holly i 2009.[7]
  • Powerpop-bandet Shoes spelte inn songen for hyllestalbumet Everyday Is a Holly-Day frå 1989.[8]
  • Jimmy Gilmer and the Fireballs gav ut eein versjon av songen i 1964 på albumet Buddy's Buddy.[9]
  • Mike Berry spelte inn songen i 1999 for hyllestalbumet Buddy—A Life in Music.[10]
  • Pete Best Band spelte inn songen i 1999.
  • Jeremy Jay spelte inn songen i 2009.
  • Patti Smith sin versjon av songen kom ut i 2011 Rave on Buddy Holly, eit hyllestalbum til Holly.[11]
  • Jeff Lynne spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut i 2011.[12]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre